nyhende

Gul dykkarbil og kvit beredskapsbil ved raude landingsmarkørar på ein veg.
Dykkarbil og dronepilotar i sørenden av bustadfeltet på Krossleite.

Søker no etter antatt om­komen person

Leiteaksjonen som starta i går ettermiddag held fram, men har gått inn i ein ny fase der ein søker etter antatt omkomen person

Publisert Sist oppdatert

Om lag 30 mannskap deltar fredag formiddag i søket etter den sakna mannen som er heimehøyrande i Sveio. Det er ingen mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

– Leiteaksjonen har no gått over til ein ny fase der me søker etter antatt omkomen person ut frå dei opplysningane me har om sakna og tidsrommet han har vore vekke. Det vil også seia at me har fått inn andre ressursar for å søkna i til dømes vatn. Brannvesenet bistår med dykkarar, me har personell i terrenget, droner og hundar som er ute søker i det aktuelle området. Arbeidet blir koordinert her frå Krossleite, seier innsatsleiar Tore Frøyland-Jensen.

Går ut med namn og bilde

Portrett av Herman Klyve med hatt, briller og mønstret genser.
Den sakna er Herman Klyve, 72 år.

Pårørande er varsla om endringa i søket, og får ein brief via politiet sin pårørandekoordinator i Haugesund i løpet av formiddagen.

Politiet deler i samråd med pårørande namn og bilde av mannen og ber publikum om å dela opplysningar i saka. Tips kan meldast inn til telefon 02800, eller ved å bruka politiet sin tipsportal på politiet.no.

Den sakna er Herman Klyve, 72 år. Siste sikre observasjon er frå fredag 6. november då mannen gjekk av ein buss på bussholdeplassen Krossleitet sør omlag klokka 17.00. Mannen var iført mørke klede og ein blå hatt med mørkt band rundt. Han er om lag 176 centimeter høg, har normal kroppsbygning, briller og litt kvitt skjegg.

Ber folk i området om å sjekka

– Me ber om at dei som bur i det aktuelle søkeområdet – Krossleitet,  Fjellstad og Tveitevegen – sjekkar eigne eiendommar, garasjar, boder, hagestover og uthus i området for å sjå om nokon kan ha hatt tilhald der, eller at det er nokon der, og gir beskjed til poltitiet, seier innsatsleiaren.

– Kva har de fått inn av tips?

Tore Frøyland-Jensen i politiuniform og refleksvest ved eit gult utrykkingskøyretøy.
– Søket held fram med full styrke til det blir gjort ei anna vurdering, seier innsatsleiar Tore Frøyland-Jensen

– Me har fått ein del tips som gjer at me har konkete haldepunkt på tidspunktet han sist er sett, kvar han er sett og nokre bevegelsar. Men så er det eit tidsrom der me ikkje har kontroll på bevegelsane, og me har då brukt mobilsporing som me har snevra inn og gjer at me konsentrerer oss området rundt byggefeltet på Krossleite og sør for det. Me søker også i Vigdarvatnet på bakgrunn av den informasjonen me no har tilgjengeleg, seier Frøyland-Jensen.

Søket held fram til det bli mørkt, og blir tatt opp igjen i morgon om det ikkje blir gjort funn.

Powered by Labrador CMS