Emiljan Andreas Rand Siglen tok ein tur på SUP-brettet. Han syns også det var varmt i vatnet.Kjartan Moe Hustvedt
Solgløtt på Solgry
Førde ungdomslag inviterte i år som i fjor til gratis aktivitetsdag på Solgry, denne gongen tysdag 30. juni. Ventelista var lang til det populære tilbodet, og dei heldige deltakarane blei velsigna med sol og opphaldsvêr.
Tidlegare år har Førde ungdomslag arrangert ferieaktivitetar saman med Frivilligsentralen i Sveio. I år arrangerte dei for enkelheits skuld ferieaktivitetar kvar for seg og til ulike tider. Midlar frå Gjensidigestiftelsen gjer det mogleg å tilby aktivitetane gratis!
Tiltaksrik trio
Linda Sæverhagen, Vibeke Helgesen og Annette Hammer Nerland i Førde ungdomslag har i fleire år skapt liv og aktivitetar for dei unge i Førde og Sveio. Solgry og Kongeparken har vore på ferieaktivitetslista fleire år. Zunos leikeland, St. Hans-feiring og fellesvisning av VM-kampen mellom Noreg og Frankrike var nytt i år.
Trioen tek eitt år av gangen, men ser ikkje vekk i frå at det blir ferieaktivitetar òg til neste år.
Annonse
Vibeke Helgesen, Linda Sæverhagen og Annette Hammer Nerland, her representert ved dotter Sina Elise Nerland (i front), er primus motor for sommaraktivitetane til Førde ungdomslag.Kjartan Moe Hustvedt
Kjartan Moe Hustvedt
Isabella Rand, Runa-Marthea Rand Siglen, Amalie Sæverhagen og Tuva Elise Haukås Eriksen meinte vatnet var godt og varmt og hoppa gladeleg uti.Kjartan Moe Hustvedt
Isabella Rand, Runa-Marthea Rand Siglen, Amalie Sæverhagen og Tuva Elise Haukås Eriksen under vatn.Kjartan Moe Hustvedt
Dei badande blei godt passa på frå land.Kjartan Moe Hustvedt
Hans Ole Hidle (bak t.v), Severin Alvseike, Alexandra Westergaard Hidle, Jenny Westergaard Bøe, Rly Andre Bøe, Hans Ole Strand og Ola Strand var svært nøgd med arrangementet til Førde ungdomslag.Kjartan Moe Hustvedt
Fotball var populært blant mange av deltakarane.Kjartan Moe Hustvedt
Frå fotballbana kan ein sjå rett ned på badeanlegget på Moldbrekkvatnet.Kjartan Moe Hustvedt
Manal Marie (t.v), Kristine Omvik, Emilie Omvik Horneland, Lisa Haavarsen, Ruth Haavarsen, Thea Omvik Horneland og Olai Haavarsen ladar opp til ein ny runde med aktivitetar.Kjartan Moe Hustvedt
Vilja Eskevik Langeland (t.v), Amalie Alsaker Lokna, Aud Lillian Alsaker, Nora Alsaker Lokna og Morten Grinde Vikse tek ein pust i bakken etter ein time med aktivitetar. Gokart blei trekt fram som favoritt.Kjartan Moe Hustvedt
Sina Elise Nerland nyt grillmat medan Amalie Sæverhagen, Tuva Elise Haukås Eriksen og Lana Alzobaidi passar på grillen. Heile 60 burgarar skulle grillast!Kjartan Moe Hustvedt
Olai Haavarsen og Ola Strand tok ein runde minigolf. Begge hevda dei var best.Kjartan Moe Hustvedt
Uteaktivitetane til Førde Ungdomslag har vore velsigna med godt vêr.Kjartan Moe Hustvedt
Dei påmeldte samla til informasjon før gokartkøyring.Linda Sæverhagen
Sikkerheit står i høgsetet når ein skal køyre fort med gokart.Linda Sæverhagen
Lukas Sæverhagen klar til køyring.Linda Sæverhagen