nyhende
– Solidaritet er som regndropar
Ei veke etter planen samla folk seg på tunet til Liv Marit og Einar Økland. Med musikk, litteratur og teater ville dei gjera avmakta om til handling.
– Me kan anten gjera noko, eller me kan trekkja for gardinene. Har me noko anna val? spør Liv Marit Økland retorisk.
For fjerde gong inviterte ho, saman med Norsk Folkehjelp, Valestrand bygdelag og andre frivillige, til solidaritetsdag på Øklandstunet. Arrangementet blei utsett éi veke på grunn av kong Haralds bortgang.
På programmet stod musikk, litteratur, teater og mat. Det blei òg arrangert bruktmarknad til inntekt for menneske i naud i Ukraina og Palestina.
– Viktig med merksemd
Primus motor Susan Hassan Abdallah frå Norsk Folkehjelp er krystallklar når ho fortel om kor viktig arrangementet er.
– Det er enormt viktig at folk samlar seg om dette, særleg no når me har krig både i Ukraina og Palestina. I tillegg har me òg ein krig i Iran. Då er det viktig at me gjev dette merksemd. Solidaritet er som regndropar frå himmelen. Éin drop gjer ingen skilnad, men mange dropar kan knusa stein, forklarer Abdallah.
Ho meiner det er lettare å lukka auga for det som skjer i verda når ein bur i eit land utan krig, der dei fleste har det godt.
– Me er nøydde til å visa at me bryr oss. Me må visa at me er ein fredsnasjon, òg gjennom handlingar, og ikkje berre gjennom fagre ord. Me skal vera ein nasjon som fremjar fred og sørgjer for at barn har det bra.
Abdallah fortel at pengane som vert samla inn, går til arbeidet til Norsk Folkehjelp i Ukraina og Palestina. Mellom prosjekta det vert samla inn pengar til, er arbeidet organisasjonen gjer med minerydding og opplæring av lokalbefolkninga i Ukraina.
– Dette er viktige bidrag som gjer kvardagen litt betre og tryggare i Ukraina.
Ei motvekt til avmakta
Ein av dei som stilte opp under solidaritetsarrangementet i år, var forfattar Agnes Ravatn.
– Eg trur svært mange kjenner på stor avmakt. Det ser ikkje ut til at dette vert betre, korkje for ukrainarane eller palestinarane. At me samlast, vert ei motvekt til avmakta som mange kjenner på, seier Ravatn.
I år vart det også arrangert ein klesmarknad til inntekt for 70 år gamle Zahra, som har budd på asylmottak på Stord i 20 år. Mottaket skal no leggjast ned, og Zahra må difor flytta.
No arbeider organisasjonen Awa United for å gje henne nødvendig rettshjelp, slik at ho kan bli verande i landet.
Mellom klesstativa står Sigrid Røsseland. Ho har nett kjøpt ein genser til dottera.
– Me burde visst betre, men det vert berre verre og verre. Viss me ikkje hadde hatt slike dagar, trur eg folk hadde vorte svært sløve og uoppmerksame på korleis einskilde menneske har det, seier Røsseland.