nyhende

Heller ikkje foreldre, som sjølv rapporterte problematisk bruk, til dømes at dei kjende seg avhengige av sosiale medium eller sleit med å avgrense bruken, hadde dårlegare familieforhold enn andre.

Sosiale medium bryt ikkje opp familien

Ny forsking frå NTNU tyder på at å bruke mykje tid på sosiale medium ikkje er farleg for familielivet.

Publisert

Det skriv Gemini.no.

– Vi ser ingen teikn til at bruk av sosiale medium heng saman med dårlegare familieforhold, svakare familiefunksjon eller dårlegare tilknyting mellom dei unge og foreldra over tid, seier Habib Niyaraq Nobakht, postdoktor hjå Institutt for psykologi på NTNU.

Han utførte studien saman med professorane Lars Wichstrøm og Silje Steinsbekk.

Forskarane har brukt tal frå studien «Tidlig Trygg» i Trondheim, som har følgt 100 barn fødde i 2003 og 2004, frå dei var fire år gamle.

Bruken av sosiale medium vart kartlagd annakvart år frå barna var 10 år til dei var 20 år. I tillegg vart foreldra sin bruk av sosiale medium undersøkt.

– Funna våre tyder på at vanlege variasjonar i bruk av sosiale medium neppe er ei viktig årsak til endringar i kvaliteten på familielivet, seier Nobakht.

Studien viser altså at tida vi brukar på sosiale medium, i seg sjølv ikkje ser ut til å svekkje forholdet mellom familiemedlemmer, men seier ikkje noko om kva som skjer når mobilbruken avbryt samværet, til dømes rundt middagsbordet.

Powered by Labrador CMS