nyhende

Dei to sjåførane smilte breitt og gledde seg over å starta arbeidsveka med ny elbuss og minibuss. F.v. Jakob Michal Tomczyk (elbusssjåfør), Ari Helvik, sjåførinstruktør i Tide, og Abdelkarem Ahmad Mohamed (minibussjåfør).

Startar ny anbods­periode med nye bussar

Tide held fram å køyra for Skyss i Sunnhordland dei neste ni åra, og den første elbussen er på plass i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Elbussen køyrde si første rute måndag klokka 06.30. I ein pause litt seinare på morgonen blei det akkurat tid til ein kjapp prat og fotografering av sjåførane. 

Dei rakk ikkje å smaka på kaka som hovudverneombod Pål Stange og rekrutteringskonsulent Hedvig Schjøtt i Tida hadde med seg frå Skyss for å markera starten på den nye anbodsperioden som varer i ni + tre år. Rutene måtte haldast, men dei satsa på at det blei tid i løpet av dagen.

Første elbuss i Sveio

– Alle bussar blir skifta ut når me går inn i ein ny anbodsperiode. I dag er ein ny elbuss og minibuss sett i drift i Sveio. Fram mot hausten kjem det ytterlegare tre bussar til Sveio slik at det blir fem nye bussar totalt, seier Stange.

Første dag i den nye anbodsperioden og nye bussar ble markert med kake.


Til saman skal Tide skifta ut 61 bussar i Sunnhordland-området som femnar Sveio, Stord og Bømlo. 38 av dei er elbussar. Dei øvrige er dieselbussar, deriblant åtte nye minibussar. Alle dei nye bussane skal vera på plass innan september/oktober.

Gler seg til å køyra elbuss

Elbussane leveres av det kinesiske merket Yutong, og er så stillegåande at Vestavind måtte spørja om bussen verkeleg hadde starta.


– Det var ein del skepsis blant sjåførane både til elbuss og kinesisk merke, men det har endra seg etter kvart som sjåførane har fått opplæring, Tilbakemeldingane er god køyreoppleving, og at elbussane er både behagelege og eit kraftig materiale som sjåførane no gler seg til å køyra, seier sjåførinstruktør Ari Helvik.

Dei første to nye bussane til Tide som skal køyra for Skyss i Sveio er på plass. Elbussen er frå det kinesisk merket Yutong og minibussen er ein Mercedes.


Powered by Labrador CMS