Sveio kommune melder på si nettside at vegen gjennom Vågedalen blir stengt på dagtid måndag, tysdag og onsdag denne veka. Dette grunna vegarbeid.
— Ein nabo skal felle nokre større tre nær vegen, og i samband med det er det naudsynt å stenge vegen, opplyser kommunalsjef Kenneth Tollefsen i Sveio kommune til Vestavind.
Dei som bruker «snarvegen» mellom fylkesveg 47 og fylkesveg 4980 til og frå Vikse må dermed finnes seg ei anna rute.