nyhende

Daniel Nordtveit hadde ideen til klistremerket. Ordførar André Mundal Haukås sette den ut i praksis. Første opplag er på 5.000.

Stolte sveibuar med nytt klistremerke

Daniel Nordtveit kom med ideen under eit møte i ungdomsrådet. Ordførar André Mundal Haukås syntes den var så god at han umiddelbart sett i gong.

Publisert

– Det skal han ha, ordføraren, han er rask til å få ting gjort, seier Daniel, som fekk ideen spontant under møtet.

– Eg skulle hatt noko å klistra på bilen som viser at eg er frå Sveio og stolt over å bu her, var innspelet hans.

Ikkje eigna til trykkspyling

Førebels er «Stolt sveibu! Sveio midt i leio»-merket å finna på den lette motorsykkelen hans og hjelmen. Eit forsvann då han vaska med trykkspylar, så det anbefaler han ikkje å bruka på merket.

Daniel fekk nokre klistremerke for ideen, men har gitt vekk flesteparten av dei. Men det ordnar seg nok med klistremerke til bil også etter kvart. Første opplag er nemleg på 5.000 klistremerker, og fleire kan bestillast.

Har blitt populært allereie

Ordførar André Mundal Haukås tok fatt i Daniel si idé rett etter møtet. Sveibuen Irene Flatnes Haldin fekk jobben med å designa merket. Som allereie er blitt delt ut til ein heil del. Mellom anna 5. klassingane etter musikalen deira førre veke.

– Eg hadde også med meg ein bunke på Sveiofestivalen, og dei gjekk unna. Flemming Lothe fekk ein god bunke til vaktbua på Vigdartun. Der trengs det allereie påfyll, fortel Haukås.

– Korleis kan andre få fatt i klistremerket?

– Dei har det liggande på Servicetorget, og folk kan ta kontakt med meg. Eg har alltid ein liten bunke med meg når eg er rundt i kommunen.

Skal klistrast med omtanke

– Kva er kriteriet for å få eit merke?

Her er Daniel krystallklar: – Du må vera stolt over å bu i Sveio!

Ordføraren er samd i det, men har eigentleg berre eit krav:

– Eg har gitt beskjed om at merka skal klistras på private ting som PC, mobil, jakke – eller lett motorsykkel. Eg vil ikkje sjå klistremerket over alt på veggar og andre stadar. Dersom det skjer, vil me bli mykje strengare på utdelinga.

Powered by Labrador CMS