nyhende

Desse tablettane har igjen vorte populære, sjølv om mange nordmenn allereie har dei liggjande i skuffa.

Stor etterspurnad etter jodtablettar: – Betydeleg større risiko

Fleire nordmenn kjøpte jodtablettar i 2022 som ein del av beredskapslageret. No blir tablettane rivne ut av butikkhyllene igjen.

Publisert

Etter at Russland innleidde fullskalainvasjon av Ukraina i 2022 kjøpte mange nordmenn jodtablettar.

Ifølgje TV 2 har etterspurnaden igjen auka etter at Noreg og 37 andre land åtvara om auka fare for atomulykker i Ukraina.

– Det er ein mykje større risiko no. Det er fordi Russland gjer målretta angrep på ukrainsk energiinfrastruktur. Viss kraftsystemet i Ukraina kollapsar, kan det ha dramatiske konsekvensar for atomkraftverka, sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til TV 2.

Vitusapotek opplyser til avisa at salet av Jodix har auka med 400 prosent i november. Apotek 1 melder om ein auke på 938 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Jodix har likevel ein haldbarheitsdato på fire år.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) fortel at jodtablettar verkar sjølv om utløpsdatoen på pakken er passert.

– Det er derfor ikkje nødvendig å kaste dei når datoen på pakken går ut, seier seniorrådgivar Ingrid Dypvik Landmark til TV 2.

Tablettane skal berre takast etter råd frå styresmaktene ved ei atomhending.

Powered by Labrador CMS