nyhende
Større skogbrannfare i fleire fylke
Det er skrive ut gult farevarsel om skogbrannfare i Innlandet, Agder, Telemark og Vestland søndag formiddag.
Ytre strøk av Vestlandet, sør for Sognefjorden, delar av Agder og Telemark, og dessutan store delar av Innlandet er omfatta av farevarselet som er skrive ut av Meteorologisk institutt søndag formiddag.
Varselet gjeld fram til det kjem store nedbørsmengder.
Det er svært tørt i desse områda etter lengre tid med høge temperaturar, og vegetasjonen er lett antenneleg, opplyser meteorologane.
Dei åtvarar folk mot å bruka open eld, då store område kan bli råka om ein brann bryt ut.