nyhende
Sunkost kakao blir tilbakekalla etter funn av kreftframkallande stoff
Økologisk kakaopulver frå merket Sunkost Superfood blir tilbakekalla etter funn av to kreftframkallande stoff, melder Mattilsynet.
Det aktuelle partiet er 250-gramspakkar merkte med best før-dato 31. mars 2028 og har batchnummer 411599, skriv Mattilsynet i ei pressemelding.
Dei helseskadelege stoffa er såkalla polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) og benzo(a)pyren. Stoffa er skadelege for arvestoffet (DNA) i menneske og er dermed kreftframkallande i for store mengder.
Mattilsynet har påvist høgare verdiar av desse stoffa enn det som er tillate for kakaoprodukt.
Kakaoen blir seld i Sunkost-butikkar over heile landet og gjennom nettbutikken til kjeda.
Folk som har kjøpt vara, blir oppmoda til å returnere henne til forhandlar.