nyhende

Over 80 prosent av hushaldsmålarane i Sveio kommune er knytte til noregspris. Det er langt høgare enn landsgjennomsnittet.

Sveibuane sparte 9,6 millionar kroner med norgespris

Hushaldningar og hytteeigarar i Sveio med norgespris sparte til saman nær 9,6 millionar kroner på straum i tredje kvartal. Det viser nye utrekningar frå Reguleringsmyndigheita for energi.

Publisert

Innsparinga er rekna ut ved å samanlikna dagens norgespris med kva kundane ville ha betalt med ordinær spotpris utan støtte.

Tala står i sterk kontrast til kva dei utan norgespris sparte i same perioden. Kundar som valde den ordinære straumstøtteordninga, sparte berre litt over 827.000 kroner i same perioden.

Populær ordning

Samla gir det ei utrekna innsparing på litt over 10,4 millionar kroner for begge ordningane. Norgespris stod dermed for rundt 92 prosent av den samla innsparinga i kommunen.

Tala viser også at ordninga med norgespris er meir populær enn elles i landet. Over åtte av ti hushaldsmålarar i Sveio er registrerte med norgespris.

Per 6. november hadde 2.410 av 2.909 hushaldsmålarar i kommunen norgespris, viser tal frå Elhub. Det tilsvarar 82,8 prosent.

Landsgjennomsnittet viser ein del på 64,2 prosent, medan gjennomsnittet i prisområdet NO2 er på 79,8 prosent.

Må bestillast på nytt

Dagens norgespris er 50 øre inkludert meirverdiavgift. I framlegget til statsbudsjett for 2027 ønskjer regjeringa å auka prisen til 45 øre utan meirverdiavgift. Når meirverdiavgifta kjem i tillegg, blir prisen 56,25 øre per kilowattime neste år dersom framlegget blir vedteke.  

Forslaget er enno ikkje vedteke av Stortinget. Den endelege prisen er blitt ein del av forhandlingane om statsbudsjettet.

Alle som ønskjer noregspris i 2027, må bestilla ordninga på nytt. Dagens avtalar går ut ved årsskiftet og blir ikkje automatisk førte vidare. Bestillinga opnar 5. januar.

Powered by Labrador CMS