nyhende
Sveibuen er nøgd med livet – men berre éin av fem meiner kollektivtilbodet er godt tilgjengeleg
Folkehelseundersøkinga frå 2026 syner at folk i Sveio er dei mest nøgde med livet i Vestland. Samstundes ligg kommunen langt under fylkesgjennomsnittet på kollektivtransport, kulturtilbod, idrettstilbod og gang- og sykkelvegar.
Spørjeundersøkinga er gjennomført blant vaksne innbyggjarar frå 18 år. Føremålet er å kartleggja mellom anna helse, livskvalitet, levevanar og nærmiljø blant vaksne i Vestland. Sist undersøkinga vart gjennomført, var i 2022.
Gjorde inntrykk
Innbyggjarane i Sveio gir livet sitt ein gjennomsnittleg skår på 7,31 av 10. Samanlikna med tala frå 2022 er dette ein liten nedgang. Likevel er årets resultat det høgaste i fylket.
– Det gjorde verkeleg inntrykk å lesa funna. Det er noko me skal vera stolte og glade over, og eg er svært godt nøgd med at me skårar så høgt, seier ordførar André Mundal Haukås.
Også i kategorien sosiale relasjonar skårar Sveio høgast i fylket, med 7,41 mot fylkesgjennomsnittet på 7,22.
I undersøkinga svara 73,9 prosent av deltakarane frå Sveio at dei trivst godt i nærmiljøet, ein liten nedgang frå 2022.
Ordføraren meiner tala viser at gode nærmiljø og gode relasjonar er viktige for trivselen i kommunen.
– Folk stiller opp for kvarandre, har gode møteplassar og eit lokalmiljø der ein bryr seg om kvarandre. Det er ein stor honnør til alle sveibuar. Dette er eit resultat av arbeidet som alle, kvar einskild, gjer, seier han.
Misnøgd med kollektivtilbodet
Ved fleire høve har ordføraren teke opp det han meiner er eit mangelfullt busstilbod med fylkeskommunen, seinast rett før sommaren. At tilgjengelegheita på kollektivtilbodet kunne vore betre, kjem også fram i årets undersøking.
Berre 22,5 prosent svara at offentleg transport var godt eller svært godt tilgjengeleg. Sjølv om dette er ein auke frå 17,1 prosent i 2022, ligg Sveio langt under tala for fylket. I Vestland samla var delen 60,1 prosent.
Også på fleire andre tilbod kom Sveio svakare ut enn fylket. Berre 35,9 prosent meinte gang- og sykkelvegane var godt utbygde, mot 50,2 prosent i Vestland.
Sveibuen ligg også under fylkesgjennomsnittet når det gjeld kulturtilbodet. Her svara 43,0 prosent at tilbodet var godt eller svært godt tilgjengeleg. Talet for Vestland fylke er 71,6 prosent.
For idrettstilbodet var delen 60,4 prosent i Sveio, mot 83,1 prosent i fylket.
Haukås trur mykje hadde sett betre ut om det var eit større kollektivtilbod i kommunen.
– Med eit betre kollektivtilbod vil ein kunna ta del i ein større del av kultur- og aktivitetstilbodet i regionen. Mange unge og vaksne seier at det er krevjande å gå på show eller kino og ta bussen heim, fordi det ikkje går buss seint nok på kvelden, seier han.
Ordføraren seier han ikkje er overraska over at innbyggjarane trivst, men at det gjorde inntrykk å sjå resultata svart på kvitt.
– Eg har alltid sagt at Sveio er ein god plass å bu, med fine folk, seier han.
Til saman 3.159 innbyggjarar i Sveio vart inviterte til å svara på undersøkinga. Av desse deltok 1.088 personar.