nyhende
Sverre Fjellet Søvik (21) er identifisert som den omkomne
Sør-Vest politidistrikt stadfestar at den omkomne som vart funnen i Haugesund fredag i førre veke, er den 21 år gamle Sverre Fjellet Søvik.
Det skriv politiet i Sør-Vest i ei pressemelding.
Fredag i førre veke vart det gjort funn av ein død person i sundet mellom Hasseløy og Risøy i Haugesund sentrum. Funnet vart gjort i samband med søket etter sakna Sverre Fjellet Søvik (21).
Politiet har no motteke formell identifikasjon, som stadfestar at den avdøde er Sverre Fjellet Søvik. Den 21 år gamle mannen hadde bustadadresse i Førde, i Sveio kommune.
Politiet har ikkje motteke endeleg obduksjonsrapport, men dei førebelse undersøkingane støttar hypotesen til politiet om at Søvik ikkje har vore utsett for noko kriminelt. Dødsårsaka er førebels rekna for å vera drukning.
Namn og bilete blir frigjevne i samråd med dei pårørande.