nyhende
– Synes det er veldig koseleg med halloween
Denne hausten har Andreas Bråtveit Talle og Aiden Haukås Sørskår arbeidspraksis i Vestavind nokre timar kvar tysdag. Denne veka er halloween tema.
– Gler du deg til halloween?
– Eg har ikkje nokre spesielle planar for halloween, men det blir vel å sjå ein film og kosa meg med venner.
– Har du nokre planar for halloween?
– Til no har eg ingen planar eigentleg, men det kan vera det blir noko etter kvart.
– Skal du kle deg ut som noko?
– Eg veit ikkje.
– Kva er favorittingen med halloween?
– Det er å sjå kor gøy ungane har det. Eg synes det er veldig koseleg med halloween.
– Kva er favorittfilmen din med halloweentema?
– Eg har ingen spesiell favorittfilm til halloween, og det er mange bra skrekkfilmar.