nyhende

Fugleinfluensaen held fram med å smitte og no er nye svar venta i løpet av veka.

Testar nye fjørfehald for fugle­influensa: – Framleis ikkje full­stendig oversikt

I helga testa tre dyrehald negativt i smittesporinga av fugleinfluensa, men fleire svar vil komme i løpet av veka, opplyser Mattilsynet.

Publisert Sist oppdatert

Det vil bli tatt prøver av to fjørfehald til denne veka, opplyser Mattilsynet til Nationen. Tilsynet følgjer opp mottakarar av fuglar med prøvetaking, restriksjonar og andre tiltak.

– Smittesporinga har gitt oss betre oversikt over flyttingane, men vi har ikkje fullstendig oversikt over alle kontaktbesetningar enno. Dette arbeidet går framleis føre seg, seier divisjonsdirektør Marit Kolle i Mattilsynet.

Fugleinfluensautbrotet er det mest omfattande i Noreg nokosinne. Smitte er påvist på åtte gardar, og over 100.000 fuglar er avliva i Akershus, Rogaland og Agder. Smitten vart spreidd via unghøner frå A&A Salte Kyllingoppdrett.

Mattilsynet har også opplyst at selskapet skal ha transportert fuglar utan løyve og ikkje gitt tilsynet fullstendig informasjon. Nationen fekk ikkje ein kommentar frå dagleg leiar i selskapet.

– Å flytte fjørfe utan løyve i ein situasjon med igangverande utbrot av fugleinfluensa er svært alvorleg. Slike flyttingar kan bidra til å spreie smitte og gjere smittesporingsarbeidet meir krevjande, seier Kolle.

Powered by Labrador CMS