nyhende

Fire år gamle Theodor i raud jakke og panneband sit ute ved eit bål.
Theodor (4) likte godt både pinnebrød og bålkos.

Theodor (4) på haustleir: – Eg vil ri på babyhesten

Pinnebrød, riding og dyr på gardstunet stod på programmet då Kirkens Bymisjon inviterte barn og familiar til gratis haustleir på Tjernagel.

Publisert

Fire år gamle Theodor sit rundt leirbålet. I handa har han ein pinne og ein brøddeig. Sola skin, og det er skikkeleg haustvêr ute.

Bestemor Marianne Folgerøy prøver å overtyda han om at hestar er kjekke dyr.

– Eg har ridd før, men då var det ein stor hest, forklarar Theodor, medan han prøver å visa med hendene kor stor han var.

Første ridetur i livet

Fireåringen var berre éin av mange som tok turen då Kirkens Bymisjon inviterte til haustleir ved Tjernagel leir- og fritidssenter. Tilbodet er retta mot barn og familiar, og det kostar ingenting å delta. Årets leir hadde plass til 30 personar.

Tre barn sit rundt eit bål og held pinnar med mat over glørne.
Frida Lill Pedersen Oseberg (2), Sjur Folgerø (15) og Theodor Pedersen Oseberg (4) kosar seg rundt bålet.

Nokre meter borte frå bålplassen har ni år gamle Sham fått på seg hjelm. Under kyndig rettleiing skal ho leggja ut på den første rideturen i livet. Faren Muofoid følgjer spent med.

– Eg synest dette er eit fint tilbod. Her får me høve til å koma saman på aktivitetar, seier Muofid Dadam.

Han er opphavleg frå Syria, men kom til Noreg for vel to år sidan. I dag bur han i Førde saman med resten av familien.

Viktig tilbod

På gardstunet går hønene fritt rundt omkring. Grisen har funne vegen til skuggen. Her er det ulike postar med riding, grilling, spel og andre aktivitetar. Dagleg leiar i Kirkens Bymisjon, Kristin Bjelland Robberstad, trur det er ekstra viktig å senka skuldrene og ta livet litt rolegare når kvardagen elles er travel.

Ni år gamle Sham Dadam rir på ein lys ponni utandørs medan vaksne følgjer med.
For Sham Dadam (9) blei den første rideturen i livet ei positiv oppleving.

– Det skaper mykje samhald. Berre det å sitja rundt eit bål og snakka saman gjev høve til å skapa nye relasjonar, seier Bjelland Robberstad.

Ho trur det er ekstra viktig å senka skuldrene og ta livet litt rolegare når kvardagen elles er travel.

– Eg blir veldig glad inni meg når eg ser kor kjekt borna har det. Eg veit kor viktig det er å ha felles aktivitetar som ein hugsar når ein blir eldre. 

Sjølv hugsar ho eitt av dei mange møta sine med pinnebrødet. Ofte forkulla utanpå, litt rått inni. 

Ei gruppe gjester sit samla rundt ei rund bålpanne ved Tjernagel leir- og feriesenter.
Bålet blei eit fint samlingspunkt for dei som tok turen til Tjernagel leir- og feriesenter.

– Eg hugsar lukta veldig godt, og det skaper gode barndomsminne for meg, seier Bjelland Robberstad.

– Kva med den svidde pølsa?

– Det er gode minne det òg, avsluttar ho muntert.

To år gamle Frida Lill Pedersen Oseberg på leir, iført rosa hatt og lys jakke.
Frida Lill Pedersen Oseberg (2) kosa seg på leir.
Powered by Labrador CMS