nyhende

Slik vart ein båt liggjande og drive etter at tjuvar hadde stole motoren.

Tjuvar stel motoren og lèt båten drive

I 2025 vart det stole båtar, motorar og båtutstyr for 118 millionar kroner her i landet, ifølgje Finans Norge Likevel slurvar mange båteigarar med å sikre båtane sine.

Publisert

I ei undersøking Norstat har gjort på vegner av Redningsselskapet oppgir ein av tre båteigarar at båten deira ikkje er godt nok sikra mot tjuveri.

Det har vore liknande tal tidlegare, og vi undrar oss over at såpass mange båteigarar lèt store verdiar stå nærmast usikra, seier dagleg leiar i Securmark, Kjetil Aa. Skare, i ei pressemelding frå Redningsselskapet.

Lett omsetjelege

Det er særleg utanbordsmotorar som er utsette. Og Redningsselskapet ser stadig vekk båtar i drift, der motoren er stolen. Tjuvane fjernar motorane og lèt båtane bli liggjande og drive i fjorden.

– Båtmotorar er enklare å frakte og lett omsetjelege. Vi ser mange tilfelle der motoren blir fjerna og båten blir liggjande igjen eller sendt til havs, seier Skaare vidare.

Securmark har jobba med tjuverimerking og tjuveriførebygging i 40 år, og problematikken er langt frå ny.

– Kjent framgangsmåte

– Sjølv om mange blir overraska over at båten blir liggjande att, er dette ein kjent framgangsmåte vi har sett i mange år, og det gjeld for heile Europa. Det er ikkje nok å berre låse båten til brygga, legg Skaare til.

Han oppmodar båteigarane om å gjere det så vanskeleg for tjuvane som mogleg. Ikkje plassere båten i eit mørkt og avsidesliggjande område, lås med FG-godkjende produkt og ha jamleg tilsyn med båten.

Powered by Labrador CMS