nyhende

Færre planlegg å handle Black Friday-tilbod i år, samanlikna med i fjor, ifølgje Prisjakt.no

To av tre vil redusere Black Week til ei helg

To av tre meiner Black Week-salet bør vare maks ei helg eller ikkje finnast i det heile.

Publisert

Det viser Prisjakts årlege Black Friday-undersøking, gjennomført av Opinion.

350.000 færre enn i fjor seier dei vil handle under Black Week i år. Blant årsakene er låg tillit, kjøpepress og forvirrande tilbod.

– Begynner å bli mette

– Vi ser slitasjesignal før årets største handleveke. Black Friday har gått frå éin dag til å vare over ein heil månad, og forbrukarane begynner å bli mette. Dei er leie av reklamestøyen, leie av å lure på om rabattane er ekte. I tillegg har mange mindre pengar å rutte med, seier forbrukaranalytikar Isabella Ahmadi i Prisjakt.

Black Friday er eigentleg fredag 27. november i år, men fleire butikkar starta salet ved månedskiftet oktober/november.

Av dei spurde meiner 25 prosent at salet skal vare berre éin dag, 19 prosent vil at det skal vare ei helg, medan 21 prosent synest ei veke passar.

21 prosent imot Black Friday

Berre 3 prosent vil at salet skal vare ein månad eller meir. 21 prosent meiner Black Friday ikkje burde eksistere.

– Når tilboda og marknadsføringsstormen varer i vekevis, forsvinn kjensla av at dette er noko spesielt. Forbrukarane blir usikre på når tilboda faktisk er best denne månaden, seier Ahmadi.

Tre av fire meiner det er stor risiko for å bli lurte under Black Friday-veka, og 52 prosent har liten tillit til at tilboda er reelle.

82 prosent meiner Black Friday skaper kjøpepress og oppmuntrar til unødvendig forbruk.

Powered by Labrador CMS