nyhende
To måtte hoppa i sjøen utanfor Ryvarden
Det blei ein dramatisk laurdag for to sveibuar. Utanfor Ryvarden fyr fekk båten deira motorstopp, og dei måtte etter kvart hoppa i sjøen medan båten dreiv mot land.
Første melding i politiloggen kom klokka 17.23 laurdag:
Kl.1705 Nødetatene, redningshelikopteret samt fleire båtressursar er på veg etter melding om båt som driv mot land, to personar har hoppa i sjøen med overlevingsdrakter. HRS leiar og koordinerer oppdraget, melde operasjonsleiar Olaug Bjørnsen ved Sør-Vest politidistrikt.
Like etter, klokka 17.26, melde operasjonsleiaren at dei to i sjøen dreiv rundt odden og vekk frå Ryvarden fyr mot nordvest, innover bukta.
– Det er personar på Ryvarden fyr som er på veg til staden for å forsøka og hjelpa personane i sjøen, melde Bjørnsen.
Deretter kom dei vidare oppdateringane raskt:
Kl. 17.29: Det er ein båt like ved personane i sjøen.
Kl. 17.38: Redningshelikopteret er på staden.
Kl. 17.41: Begge personane er tatt opp av sjøen av redningshelikopteret.
Kl. 17.45: Personane er i tilsynelatande god form og har ikkje behov for legetilsyn.
– Det gjekk heldigvis veldig bra
– Med dei forholda som var i går med mykje vind og grov sjø utanfor Ryvarden, veit me at det kan stå om minuttar når ting skjer så nært land. Det blei sett full fart i redningsaksjonen umiddelbart, og sendt ut maydaymelding over kystradioen om båt med motorstans til alle båtar som var i området og kunne bistå, seier Cecilie Øversveen, vakthavende redningsleiar ved Hovedredningssentralen Sola (HRS), til Vestavind søndag.
Ho trekker fram ein ting som bidrog til at det blei eit oppdrag med positivt utfall:
– Me kjenner også litt ekstra på det når det skjer ting i nærleiken av Ryvarden. Denne gongen gjekk det heldigvis veldig bra. Når forholda var som no med kald og grov sjø, var det heilt essensielt at dei to på båten hadde overlevingsdrakter om bord og fekk desse på seg før dei hoppa over bord. Det tok om lag 30 minuttar frå redningshelikopteret letta til dei blei heist opp av sjøen.
God hjelp frå andre båtar som kom til
Før redningshelikopteret kom fram, blei det gjort eit godt arbeid av andre som kom til for å hjelpa. Blant anna eit lasteskip, ferja «Bømlafjord», Eapevær-båten, fleire private båtar, redningsskøyta som er stasjonert i Haugesund og Røde Kors-båten.
– Etter at dei to hoppa i sjøen blei det kasta ut ei bøye til dei slik at dei hadde noko å halda seg fast i. Og Espevær-båten la seg til slik at dei to i sjøen fekk litt meir le for vinden medan ein venta på redningshelikopteret, fortel Øversveen.
Etter at dei to mennene var heist om bord i redningshelikopteret, blei dei flydd heim.
– Det har kome spørsmål om kvifor dei ikkje blei flydd til sjukehus. Redningshelikopteret har lege om bord, og dei fekk helsesjekk med ein gong. Då det var klart at dei var i god form, var det ikkje nødvendig å fly dei til sjukehus, seier Øversveen.
– Det støkk i meg
Ordførar André Haukås Mundal vart tidleg varsla om ulykka. Han følgde med på meldingane og drog seinare ut til Ryvarden. Då han kom fram var redningsaksjonen over, og han visste at det hadde gått bra.
– Det støkk i meg kvar gong det kjem meldingar om båtar i naud på Sletta og i Bømlafjorden. Og i går var det guffent å vita at det det låg to mann i sjøen utanfor Ryvarden i det vêret som var. Då er det godt å sjå kor raskt dei som skal hjelpa kjem, og at mange andre som er på sjøen trør til, seier Haukås.
Då han kom fram til Ryvarden, hadde båten drive i land like nord for minnesmerket etter «Sleipner»-ulykka. Både i går og i dag har det pågått arbeid for å sikra og berga båten.