nyhende
To sveibuar er kvalifiserte til NM i gjetarhund
For første gong skal NM i gjetarhund arrangerast i Etne. Gjennom komande helg skal 90 hundar og førarane deira konkurrera på den gamle jordbruksskulen, før dei 16 beste møtest i finalen søndag.
Haugaland gjetarhundnemnd, der sveibu Frode Handeland er leiar, står bak meisterskapen, med Etne som medarrangør, og denne helga vil deltakarar frå heile landet komma til konkurranseområdet på Tesdal, der jordbruksskulen tidlegare heldt til. To av desse er sveibuane Håkon Rossehaug og Kenneth Tverfjell.
I dag, fredag, blir meisterskapen opna av ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim midt på dagen, før konkurransen held fram gjennom fredagen og laurdagen. Då skal hundane og førarane samla poeng, og dei 16 med høgast poengsum går vidare til søndagens finale.
Har kvalifisert seg gjennom prøvar
Kaia Bratthammer og Anne Bakke Handeland fortel at det ligg fleire konkurransar bak deltakarane som kjem til Etne. Hundane og førarane har kvalifisert seg gjennom prøvar i Norgesserien og fylkesmeisterskap, der dei tre beste resultata tel i den samla poengsummen.
Sveibu Handeland sit i styret i Haugaland gjetarhundnemnd. Ho og Bratthammer understrekar at det er stort for deltakarane å nå heilt fram til ein NM-finale. Alle som deltar i helga, får deltakarpremie. Finalistane får dessutan premiar som arrangørane har fått sponsa, og vinnarane får pokalar.
For publikum blir det anledning til å sjå korleis hund og førar samarbeider om gjetinga. Bratthammer trekker særleg fram korleis border collien kan styrast med fløyte og skilja mellom mange ulike signal.
– Mange synest det er utruleg å sjå border collien bli styrt med ei fløyte og at han kan tolka så mange fløytesignal, seier ho.
Ho omtalar gjetarhunden som ei arbeidsmaskin som hjelper bøndene med å samla sauene og driva dei heim frå beite kvar haust
Telt og direktesending
Det har tidlegare vore arrangert finale i Norgesserien i Litledalen, men dette blir første gong på lenge at Etne er vertskap for NM i gjetarhund. Bratthammer fortel at slike konkurransar pleier å trekka mange tilskodarar, sjølv om ho ikkje har noko anslag på kor mange som vil komma denne helga.
På konkurranseområdet ved Litledalsvegen blir det sett opp eit stort telt med kiosk. Der kan publikum også søkja under tak dersom vêret blir dårleg. For dei som ikkje kjem til Tesdal, blir meisterskapen vist direkte Landfald Media sine nettsider, med kommentator gjennom Landfald Media, kan Bratthammer opplysa.