nyhende
Tok 27 medaljar i NM og fekk 14 uttak til EM
Sveio sportsdrillklubb stilte med rekordstor tropp under NM, og sikra seg ei rekke medaljar og uttak til EM i Torino.
For setta prestasjonane og nivået i Sveio drillsportklubb i perspektiv: Det norske landslaget har 20 uttak totalt til EM i Italia i oktober. Sveio sikra seg 14 av dei i løpet av NM på Lillehammer.
– Det er uttak i tropp, duett og solo, og me reiser som representantar for Norges idrettsforbund/Norges Danseforbund, fortel hovudinstruktør Marilena Panayiotou.
Sveio sportsdrillklubb har representert Noreg i EM, VM og Europacup ein heil del gongen før, men 14 uttak er ein solid rekord.
– Gjekk over all forventing
– Me har aldri hatt så mange utøvarar med til eit NM, og var den største troppen. 31 utøvarar var med frå dei heilt ferske til dei som har vore på toppnivå ei stund, og me hadde 58 startnummer totalt. Det gjekk over all forventning, og eg er veldig nøgd med innsatsen til alle, seier Marilena.
Til og med i kategoriar dei ikkje har satsa så mykje på blei det medaljar. Og dei som var med i NM for første gong, gjorde det også veldig bra. Ein av duettane, Ronja Våga og Vilja Stølås, tok til og med gull i sitt første meisterskap.
Skil seg ut
– Me har jobba mykje med nerver, og det var veldig kjekt å sjå kor trygge også dei ferske var på det dei skal gjera, seier Marilena.
Sveio drillsportklubb skil seg også ut i kor mange troppar dei stiller med. Det krev ein del meir med mange deltakarar som skal drilla samstundes enn til dømes ein duett.
– NMF (Norges Musikkorps Forbund) har tropp som satsingsområde for å få med fleire troppar. Me hadde desiderte flest troppar med 10. Ein del av satsinga er pengepremiar i form av gåvekort. Det er kjekt å bli belønna for innsatsen på denne måten, og me fekk med oss ein heil del av desse premiane heim, fortel Marilena.
27 medaljar totalt
Totalt blei det 27 medaljar – 18 gull, 7 sølv og 2 bronse. Og i tillegg 14 noregsmeistertitlar innan solo, duett og tropp.
– Kor mykje trening ligg det bak eit så høgt nivå på så mange?
– Me har ni faste treningstimar i veka. I tillegg trenar me ein heil del helger, gjerne åtte timar kvar dag. For utøvarane er drill ein livsstil, og dei legg ned ein enorm innsats i sporten sin. Me blir som ein familie som trenar saman, reiser saman og bur saman. Det gjer også miljøet i klubben veldig bra, seier Marilena.
No er det sommarferie
– Kva er neste steg no?
– Sommarferie til treninga startar igjen i august ein gong. Utøvarane fortener verkeleg ein skikkeleg ferie etter den fantastiske innsatsen dei har gjort, avsluttar hovudinstruktøren.