nyhende
Tre av fire fritidsbåtar er ikkje registrerte
Ei undersøking viser at éin av tre fritidsbåteigarar ikkje veit om båten deira er registrert – eller har late vere å registrere han. I praksis er berre éin av fire fritidsbåtar i Noreg registrerte.
– Når så mange båtar ikkje kan knytast til ein eigar, svekkjer det beredskapen og kan føre til unødige og ressurskrevjande redningsaksjonar, seier Janne Oddaker generalsekretær i Redningsselskapet i ei pressemelding.
I Noreg er rundt 195.000 fritidsbåtar under 15 meter registrerte i eit båtregister, 175.000 av desse er registrerte i Redningsselskapets småbåtregister. Ifølgje ei undersøking på vegner av mellom anna Sjøfartsdirektoratet finst det over 780.000 fritidsbåtar i Noreg som burde vore i eit register. Det betyr at berre litt over 25 prosent er registrerte.
Undersøkinga som er gjennomført av InFact tidlegare i år, viser at éin av tre båteigarar anten ikkje har registrert båten, eller ikkje har kontroll på om den er registrert. Undersøkinga viser kva båteigarane sjølve svarer. Registertala viser samtidig at berre rundt éin av fire fritidsbåtar i Noreg faktisk er registrerte.
Redningsselskapet oppmodar alle til å sjekke om båten er registrert i eit register, ved å ta kontakt med Redningsselskapets Småbåtregister eller eit anna offentleg register. Manglande registrering gjer det vanskeleg å identifisere eigarar av drivande eller forlatne båtar.