nyhende
Tre fylke med éin felles strategi for E39
Under Arendalsveka signerte fylkesordførarane i Vestland, Møre og Romsdal og Rogaland «Arendalserklæringa». Målet er å framskunde utbygginga av vestlandsvegen E39.
– Vi står samla om ein trygg, effektiv og framtidsretta transportkorridor som styrkjer verdiskaping, beredskap og vekst i heile landsdelen, står det i erklæringa.
Næringslivet langs E39-korridoren står for store delar av eksportinntektene til landet innan sjømat, maritim sektor, energi, industri, reiseliv og teknologi. Dei tre fylkesordførarane understrekar difor at ein moderne og samanhengande veg er avgjerande for konkurransekraft, arbeidsmarknad og busetjing langs heile landsdelen.
Fylkesordførarane vil at Vestlandsvegen E39 skal bli prioritert som eit nasjonalt hovudprosjekt i komande Nasjonal transportplan. Dei vil også at det kjem ein forpliktande plan for utbygging av dei attståande delstrekningane og fjordkryssingane. I tillegg ønskjer dei å vurdere alternative finansierings- og gjennomføringsmetodar for å få prosjektet realisert snøgt.
Arendalserklæringa avsluttar med at arbeidet skal halde fram til Vestlandsvegen er ferdig.