nyhende
Treng bøsseberarar til årets viktigaste søndagstur
Søndag 18. oktober går årets TV-aksjon av stabelen. No håpar den lokale aksjonskomiteen at fleire ønskjer å gå søndagstur med bøssa i handa.
– Ein håpar mange vil bidra, slik at ein får dekt alle bygder og grender. For nokre er besøket frå bøsseberaren eitt av få besøk dei får ved døra, seier Sveio-ordførar André Mundal Haukås.
Skal hjelpe menneske på flukt
TV-aksjonen har lange tradisjonar i Sveio. I fjor gav kvar innbyggjar 51 kroner i snitt. Totalt vart det samla inn over 330.000 kroner frå privatpersonar, verksemder, skular og lag i kommunen.
– Då eg var liten og gjekk saman med bestefar, hende det at folk som ikkje var heime, la ein konvolutt med pengar framfor døra. På konvolutten stod det «TV-aksjonen», som ein putta i bøssa.
Årets innsamling går til Flyktninghjelpen. Pengane skal brukast til å gje over 400.000 menneske på flukt tryggare og betre buforhold.
Hjelpa kan vera alt frå telt og mellombelse bustader til meir permanente heimar.
– Å bidra til å skapa stabile heimar for menneske som er råka av krig og flukt, kan gjera det lettare for dei å koma tilbake til livet. Mange som sjølve har vore på flukt, har òg etablert seg i Sveio. Dette gjeld folk midt i bygda, seier Kristin Bjelland Robberstad.
Mykje hjelp i lite pengar
Eit bidrag på 100 kroner kan mellom anna gi 100 mursteinar, medan 350 kroner kan gi varme pledd til tre barn. Når ein samstundes veit at ein bøsseberar samlar inn rundt 2.300 kroner i gjennomsnitt, kan ein lett førestilla seg at sjølv dei minste beløpa gjer ein stor skilnad.
– På eit par timar kan du faktisk bidra til at nokon får ly og eit utgangspunkt for å byggja opp livet sitt att, seier Robberstad.
Dei lokale arrangørane trur årets tema vil engasjera mange.
– Dei fleste kjenner nokon som har vore på flukt eller opplevd krig, anten det er ein nabo, ein klassekamerat eller ein kollega. Det ligg i oss at ein vil hjelpa der ein kan, anten bidraget er stort eller lite, seier Mundal Haukås.
Og sjølv om kontantar for mange er avleggs, er det framleis slik at «cash is king» når ein kjem på døra. Ordføraren opplever ofte at også familiar som elles aldri brukar kontantar, tek ut pengar for å kunna leggja dei fysisk på bøssa. Det er også mogleg å gi med Vipps ved hjelp av QR-koden på bøssa.
Tek to timar
Samstundes meiner ordføraren at turen er av det sosiale slaget.
– Det personlege møtet på døra tyder mykje. Det er både sosialt og kjekt, og det minner folk på at aksjonen går føre seg.
Mundal Haukås hugsar sjølv korleis det var då han var liten og gjekk tur med bestefaren sin.
– Mitt første minne er frå då eg gjekk saman med bestefar. Eg veit ikkje kor gammal eg var, kanskje ti-tolv år. Me gjekk rundt i nabolaget. Han køyrde, og eg sprang til dørene med bøssa.
Fleire har allereie meldt seg, men det er framleis behov for fleire bøsseberarar. Oppmodinga frå ordføraren er klar.
– Set av to timar og bli med på årets viktigaste søndagstur, seier Mundal Haukås.
Ungdom som har fylt 15 år, kan gå med bøsse åleine. Yngre barn kan delta saman med ein vaksen.
Påmelding skjer på tvaksjonen.no.