nyhende
Turistskatt, lystgass og eigendel på helsetenester: Desse lovendringane trer i kraft i dag
Lystgassforbod, turistavgift, lovfesta rett til gratis SFO og bortfall av eigendel på helsetenester for 16-og 17-åringar er blant dei nye reglane som trer i kraft frå i dag.
Vi er halvvegs i 2026, og i dag trer ei rekke nye lover og reglar i kraft. Her er noko av det som skjer:
Lystgassforbod
Frå og med 1. juli er det forbode å selje lystgass og liknande produkt til personar under 18 år. I tillegg blir det forbode å omsetje lystgassprodukt til rusformål, restriksjon på kor mykje ein privatperson kan kjøpe kvar dag (17 gram) og det blir forbode for privatpersonar å innføre lystgassprodukt. Det er nokre unntak for mellom anna bilsportutøvarar.
Turistskatt blir lov
Kommunane kan no krevje inn eit såkalla besøksbidrag frå tilreisande turistar. Det er frivillig for kommunen sin del, og satsen kan vere på opptil 3 prosent av totalprisen inkludert moms. Campingturistar slepper avgifta, medan generell overnatting skal betale. Akkurat no blir også førebudd ei cruiseavgift som etter planen skal tre i kraft ved nyttår.
Lovfesta rett til SFO i småskulen
Alle elevar frå 1. til 3. trinn får frå 1. august retten til tolv timar gratis SFO i veka. Tidlegare har det vore avgrensa til dei som allereie har SFO-plass, og det føresette at kommunen hadde eit stort nok SFO-tilbod. Med lovfesta rett til tolv timar må kommunane ha eit stort nok tilbod.
Eigendel for helsetenester blir fjerna for 16- og 17-åringar
16- og 17-åringar blir fritekne for eigendelar på ei rekke helsetenester, blant dei legebesøk, psykologhjelp, legemiddel og pasientreiser. Tidlegare har det vore fritak opp til 16 år. Ifølgje Legeforeininga er det i dag ungdom i denne aldersgruppa som nyttar fastlegen i minst grad.
Ny romlov
Noreg får ei ny romlov som følgje av mellom anna den auka aktiviteten på Andøya. Denne lova skal mellom anna bidra til næringsutvikling, innovasjon og fredeleg utforsking av verdsrommet – og samtidig vareta Noregs nasjonale tryggleik.
Færre einslege foreldre får stønad
Overgangsstønad og stønad til barnetilsyn for einslege i arbeid blir no reservert for einslege som har åleineomsorg for barn opp til 14 månader, eller som har særleg tilsynskrevjande barn. For alle andre einslege foreldre blir stønadene avvikla. Dette gjeld berre nye tilfelle, ikkje dei som har fått innvilga stønad før 1. juli 2026.
Strøm kan prioriterast til nasjonale tryggingsinteresser
Frå 1. juli kan Kongen i statsråd vedta at nettselskapa skal prioritere enkeltkundar av nasjonale tryggingsomsyn. Kva som er definert som nasjonale tryggingsomsyn, står nærare utdjupa i sikkerheitslova.
Innslagspunkt for bustad i formuesskatten blir auka
I dag er lågaste verdsetjing av bustad i formuesskatten på ti millionar kroner – no skal han aukast til 14 millionar kroner. Målet er å gjere formuesskatten på bustad meir rettferdig. Med endringa vil om lag 98 prosent av primærbustadene i landet ha ein formuesverdi på 25 prosent av berekna marknadsverdi.
Ikkje søknadsplikt for solcellepanel og etterisolering
Skal du montere solpanel på huset ditt? Frå onsdag treng du ikkje lenger å sende byggjesøknad til kommunen. Det gjeld også om du skal etterisolere huset ditt. Det er framleis nokre unntak der bustadeigarane må søkje.
Ny minerallov
Den gamle minerallova frå 2009 skal erstattast med ein ny, der det mellom anna skal sørgjast for betre koordinering og raskare prosessar. Selskap skal sleppe at ulike løyve gir motstridande krav, eller at same forhold blir greidd ut fleire gonger. Samtidig blir berekraftsperspektivet styrkt og rettane til samiske aktørar.