nyhende
Tysdag blir det fotballfest på soknehuset
Sveio soknehus har fått ny storskjerm, og fotballfeber. Tysdag kveld inviterer dei store og små til visning av 16-delsfinalen Noreg–Elfenbenskysten.
– Me hadde tenkt å innvia den nye storskjermen då Noreg spela mot Frankrike fredag. Men då me såg at Førde og Buavåg skulle ha arrangement, valde me å venta til 16-delsfinalen. Det blir jo også ein veldig spennande kamp sidan den no er vinn eller forsvinn, seier Bent Rune Sinnes.
Styreleiaren i Soknehuset er oppglødd over både ny storskjerm og den kommande kampen. Fredagens kamp blei brukt til å testa både bilde og lyd, og alt er no klart til tysdagens kamp. Døren opnar ein halvtime før kampstart, og det er plass til rundt 100 personar.
– Store og små er velkomne. Barn må vera i følge med vaksne, og arrangementet er gratis. Me gler oss til fullt trøkk og god stemning, og besse det blir det roing også, seier Sinnes.
Også på Gullsjøhuset i Buavåg er det visning av kampen. Der var det kjempestemning då dei viste Noreg-Frankrike fredag, og det er det venta også tysdag.
Me gjer merksam på at Bent Rune Sinnes også er styreleiar i Vestavind. Det er har ikkje påverka redaksjonen, som har fullt og uavhengig ansvar for innhaldet.