nyhende

Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Ulykka har skjedd i ei 60-sone.

Ulykke mellom motorsykkel og bil

Nødetatane rykka i ettermiddag ut etter melding om ei trafikkulykke med motorsykkel og bil involvert på Tittelsnesvegen.

Publisert Sist oppdatert

Ulykka skjedde på Søre Våga ikkje så langt frå grensa til Haugesund.

– MC-førar ser ut til å ha køyrt i bilen bakfrå og framstår skada. Vedkomande er bevisst, opplyste operasjonsleiar Anders Oppedal ved Sør-Vest politidistrikt klokka 15.31.

Klokka 15.48 melder politiet at nødetatane er på staden. 

– MC-førar skal ha køyrt i lavare fart enn fartsgrensa på staden, som er 60 km/t. Vedkommande blir tilsett av helsepersonell, seier Oppedal.

Klokka 16.13 kjem han med følgande oppdatering:

– Ingen personskade. Ingen mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Eit trafikkuhell, som dei fyller ut skademeldingsskjema på.

Powered by Labrador CMS