nyhende

Dei fleste i ei ny undersøking seier nei til EU og ja til EØS.

Undersøking: Nær halv­parten seier nei til EU

48 prosent av dei spurde ville røysta nei i ei folkerøysting om EU i dag, ifølgje ei ny måling.

Publisert

31 prosent svarer at dei ville røysta ja, medan 21 prosent ikkje har bestemt seg, viser målinga Sentio har gjort for Klassekampen og Nationen.

Sist måling blei gjort i september i fjor. Endringane sidan den gongen er små: opp 1,4 prosentpoeng for jasida og ned 0,5 prosentpoeng for neisida.

– Så lenge EØS-avtalen er ei kvilepute som politikarane ikkje problematiserer, trur eg tala kjem til å halde seg relativt uendra, seier Martin Moland.

Han er førsteamanuensis i statsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet, der han forskar på Noregs forhold til EU og offentleg opinion.

På spørsmål om EØS-avtalen, svarer 47,3 prosent (+0,7) at dei ville røysta ja dersom det var folkerøysting no. 26 prosent svarer nei (-2,1), medan 26,8 prosent (+1,5) ikkje veit kva dei ville ha røysta.

Powered by Labrador CMS