nyhende
Unge vel fuskepels av etiske grunnar – men kva kostar det miljøet?
For mange unge er dyrevelferd den viktigaste grunnen til å velja fuskepels eller brukt pels framfor ny, ekte pels. Samstundes kan syntetiske fiber bidra til mikroplastutslepp, og produksjonen har ein miljøkostnad som ikkje bør bli oversett.
Haust- og vintersesongen er tida då pels og fuskepels syner att i moten. Lange, varme kåper i pels og jakkar med fuskepelskragar er å sjå overalt.
Kva er etisk forsvarleg å gå med, og kva er eigentleg best for miljøet?
– Mange unge brukar ekte pels, men motstanden mot å kjøpa ny pels er stor, seier Maren Walther, journalist i motemagasinet MinMote, og tidlegare stylist.
Walther viser til dei sterke reaksjonane som kom frå folk då det norske klesmerket ByTimo lanserte jakkar med ekte pels tidlegare i haust.
Dyrevernalliansen gjekk hardt ut mot ByTimo i sosiale medium og engasjerte mange. Merket beklaga seg og har no trekt jakkane tilbake frå marknaden.
– Det viser kor kontroversielt det framleis er å kjøpa ny pels i dag, seier Walther.
Dyrevelferd veg tyngst
Sjølv om debatten rundt pelsindustrien har vore aktuell i mange tiår, ser pelsen likevel ut til å halda seg som eit trendy plagg mange ønskjer å ha i garderoben sin.
– Pels har vore ein tydeleg trend i mange år, og ser også ut til å bli stadig meir populært. Det gjeld særleg om hausten og inn mot fest- og julebordsesongen, seier Walther.
Mykje tyder på at unge i dag har eit bevisst forhold til valet om pelsplagget dei tek på seg.
– Folk vel gjerne fuskepels framfor ny, ekte pels. Dersom dei brukar ekte pels, ønskjer dei ofte at den skal vera brukt, seier MinMote-journalisten.
Ho opplever at mange først og fremst er opptekne av det etiske.
– Inntrykket mitt er at dyrevelferda veg tyngre enn miljøomsynet. Difor vel ein del fuskepels, sjølv om den ofte er laga av syntetiske materiale, seier Walther.
Alvorlege manglar i dyrevelferda i Europa
Det er ikkje noko nytt at pelsdyrnæringa slik vi kjenner ho, lenge har hatt store problem med dyrevelferd. I Noreg har pelsdyroppdrett vore ulovleg sidan 2019.
Cecilia Askham, forskingssjef og seniorforskar hjå Norsus (Norsk institutt for berekraftsforsking), fortel at det no er over 17 medlemsland av EU som forbyr pelsoppdrett. Grunnen er at måten mink, rev og andre dyr som blir brukte til pels vert haldne på, har alvorlege manglar når det gjeld dyrevelferd.
– Jo lenger vekk frå Europa og EØS pelsen kjem frå, desto større kan faren vera for at krava til og kontrollen med dyrevelferd er mindre. Dette vil bekymra mange som er opptekne av dyrevelferd, seier Askham.
Komplisert reknestykke
Kanskje er det nokså enkelt for unge i dag å ta eit etisk standpunkt mot produksjon av ekte pels.
Spørsmålet er då om dei samstundes har tenkt gjennom om fuskepels faktisk er eit betre val enn ekte pels, når ein ser på det heilskaplege biletet som også tek omsyn til miljøet.
Fuskepels blir ofte laga av syntetiske tekstilfibrar, til dømes polyester eller akryl. Alle klesplagg laga av plastfibrar gir utslepp av mikroplast.
– Sidan produkt som etterliknar pels skal ha mange tette, veldig tynne fibrar, kan risikoen for at det vert danna mikroplastpartiklar vera større enn for andre plagg, seier berekraftsforskaren.
Ifølgje Askham er det også avgjerande å sjå på heile livsløpet, ikkje berre materialet.
– For å produsera ekte pelsplagg, må dyr husast, matast, og avfallet deira må handterast. Då brukar vi ressursar frå kloden, og det blir klimagassutslepp. Når det gjeld fuskepels, har dei fleste plastmateriala som blir brukte starta som olje og gass. Vegen frå fossilt brensel til plast, og deretter til tekstil, har også tilhøyrande utslepp av klimagassar, seier Askham.
Mikroplastproblemet er likevel ein viktig del av vurderinga. Eit plagg kan vera eit betre val med tanke på dyrevelferd, utan at det dermed er utan miljøproblem.
– Når plagg med fuskepels som er laga av syntetiske stoff endar livet sitt, slepper dei ut klimagassar som har meir oppvarmingseffekt enn dei biobaserte klimagassane som vert slepte ut når ekte pels endar livet sitt, seier ho og legg til:
– Dette er komplisert, og eit grundig reknestykke må til for å gi eit sikkert svar på kva som er det beste.
– Sjå i eige klesskap først
Askham meiner at gjenbruk er eit viktig poeng i diskusjonen om ekte pels versus fuskepels.
Eit argument som ofte blir brukt til fordel for ekte pels, er at plagga kan vara i mange tiår. Ei pelsjakke kan gå i arv, reparerast og brukast av fleire generasjonar, seier ho.
– Ingen produkt er i utgangspunktet miljøvennlege. Alle har belastningar vi påfører kloden. Det mest miljøvennlege du kan gjera er å forlenga levetida til det du har lengst mogleg med godt stell og reparasjon.
For den som vil kle seg varmt og følgja moten med best mogleg samvit, kan det beste valet difor vera å først sjå i eige klesskap, deretter på bruktmarknaden - uavhengig av om du vil ha ekte pels eller ikkje.
Forskaren oppmodar sterkt til å velja vintage plagg, og ikkje kjøpa meir enn du treng.
– Ikkje så sexy kanskje, men eit godt miljøråd som gjeld alt vi kjøper og brukar, seier Cecilia Askham.