nyhende

Då Vestavind vitja sommarkafeen, var det den yngste gruppa av vertar som serverte nysteikte vaflar, heimebakst og kaffi. Frå venstre: Anna Tverrfjell (6 år), Ovidia Ekrheim (9 år), Adela Kathrin Velde (10 år) og Leah Vestvik Stølås (7 år).

Ungt vertskap ønskjer velkomen til sommarkafé

Kvar søndag i sommar fyllest kafélokalet ved butikken i Auklandshamn med lukta av nysteikte vaflar, kaffi og anna godt, til glede for ferierande og fastbuande. Bak tiltaket står LivOGLyst-prosjektet Auklandshamn i samarbeid med Auklandshamn Idrettslag.

Publisert

Då Vestavind vitja kaféen i sommar, var det dei yngste kafévertane som stod klare bak disken for å servera gjestane.

Anna Tverrfjell (6), Ovidia Ekrheim (9), Adela Kathrin Velde (10) og Leah Vestvik Stølås (7) serverte vaflar, kaker og kaffi til gjestane.

Alle er medlemer i Auklandshamn Idrettslag og deltek på allidretten «Lek med Idrett».

– Er det kjekt med sommarferie? spør Vestavind.

– Det er like kjekt å gå på skulen, svarar dei raskt.

– Me har det så kjekt på skulen.

– Håpar han ikkje blir nedlagd.

– Me elskar skulen vår.

Når dei skal trekkja fram det beste med sommarferien, kjem svaret kontant:

– Å sova lenge!

Vertskapet beståande av Leah Vestvik Stølås, Ovidia Ekrheim, Adela Kathrin Velde og Anna Tverrfjell.

Eit prosjekt for bygda

Sommarkaféen er eit tiltak gjennom LivOGLyst-prosjektet, som har fått støtte frå Vestland fylkeskommune. Målet med prosjektet er å skapa gode bumiljø og meir aktivitet i nærområdet.

Gerd Jorunn Christensen og Frode Stølås er med i LivOGLyst-prosjektgruppa. Dei fortel at gruppa samlar innspel til aktivitetar som kan skapa liv og trivsel i bygda. Det kan også søkjast om midlar til aktivitetar og prosjekt som gagnar lokalsamfunnet.

I prosjektgruppa sit mellom andre Gerd Jorunn Christensen og Frode Stølås. Dei fortel at ideen om ein sommarkafé kom fram på eit av møta i gruppa.

– Me samlar innspel til aktivitetar som kan vera kjekke i bygda, og det kan også søkjast om midlar til aktivitetar og prosjekt som gagnar lokalsamfunnet, fortel dei.

Idrettslaget tok utfordringa

Auklandshamn Idrettslag har fått oppdraget med å drifta kaféen. Idrettslaget står for det meste av det praktiske arbeidet og organiseringa av vertskapet, medan LivOGLyst bidreg med lønsmidlar.

Frode Stølås er med i LivOGLyst-prosjektgruppa. Her saman med dottera Emmeli Vestvik Stølås.

Ungdommar i bygda har vore inviterte til å senda inn søknader om å få arbeida som vertar i kaféen, og kvar helg er det nye ungdommar som får oppdraget.

Frå VM-kveldar til sommarkafé

Kafelokalet høyrer til butikken i Auklandshamn, men LivOGLyst har vore med og sponsa ein prosjektor til lokalet. Det har gjort at rommet også har vore brukt til VM-kveldar og andre samlingar i sommar, fortel Frode Stølås i LivOGLyst.

Sommarkaféen held fram kvar søndag frå klokka 12 til 15 fram til midten av august.

Kva er LivOGLyst?

LivOGLyst er eit bygdeutviklingsprogram i Vestland der innbyggjarar sjølve kan ta initiativ til aktivitetar og prosjekt som skaper trivsel, møteplassar og utvikling i lokalsamfunnet. Programmet får støtte frå Vestland fylkeskommune og legg vekt på lokal medverknad, frivillig innsats og prosjekt som styrkjer bygda som ein god stad å bu.

Powered by Labrador CMS