nyhende

Totalt svarar tre av fire at dei fryktar å bli svindla i ferien.

Unngå utur på ferien

Kortsvindel og skimming tronar på toppen av kva nordmenn fryktar mest på ferie, viser ei ny undersøking frå Frende Forsikring.

Publisert

– Folk koplar seg på opne wifi-nettverk utan å tenkje seg om, varslar tryggingsspesialist Torgeir Pettersen i Frende Forsikring i ei pressemelding.

Han peikar på fleire vanlege tabbar folk gjer, som til dømes å skanne falske QR-kodar på alt frå restaurantmenyar til parkeringsautomatar.

– Desse leiar dei inn på svindelsider. Ein del bestiller òg taxi eller leier bustader frå kjelder dei ikkje kjenner, som har uærlege intensjonar, åtvarar Pettersen.

Han rår folk til å halde på sunn skepsis, sjølv i ferien.

– Tenk deg om eitt ekstra sekund før du trykkjer, betaler eller koplar deg på stader du ikkje er heilt trygg på, avsluttar Pettersen.

Powered by Labrador CMS