nyhende

Straumprisane i mai vart høgare enn normalt for årstida.

Unormalt høge straumprisar i mai

Lite vatn i magasina og sein snøsmelting førte til at straumprisane i mai vart høgare enn normalt for årstida.

Publisert

Knappleik på kraft og dessutan auka forbruk i store delar av landet førte til høgare prisar, viser Fornybar Noregs straumprisindeks.

Straumrekninga for eit gjennomsnittleg hushald gjekk opp over heile landet samanlikna med mai i fjor.

– Hushald i Sør-Noreg med noregspris fekk likevel ei lågare rekning enn same periode i fjor. Her var gjennomsnittleg sparegevinst mellom 400 og 500 kroner, seier leiar Bård Vegar Solhjell i Fornybar Norge.

Opp mot 76 prosent av hushalda i Sør-Noreg har noregspris, mot 21 prosent i Midt-Noreg og 0,2 prosent i Nord-Noreg, ifølgje Elhubs tal frå midten av juni.

– Også i Midt-Noreg var det fleire hundrelappar å spara på noregspris i mai, medan dei få som har noregspris i Nord-Noreg, tapte i snitt 70 kroner på ordninga, seier Solhjell.

Ikkje bekymra over lite vatn

Trass i underskot på vatn i magasina er ikkje Fornybar Norge bekymra.

– Det norske kraftsystemet er godt rusta for periodar med mindre nedbør, seier han.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melde i starten av juni om eit underskot i vassmagasina på nær 16 TWh. Dei understreka at dei ikkje var bekymra for energiknappleik til vinteren, men at dei følgjer situasjonen nøye.

Tilgangen på vindkraft frå både Noreg og Sverige gjer situasjonen mindre dramatisk enn han kan verka, meiner Solhjell.

– Noreg har vanlegvis eit kraftoverskot på rundt 15 TWh, ikkje minst takka vera vindkrafta. Me har òg god importkapasitet frå nabolanda våre. Det at me no manglar vatn i magasina, betyr altså ikkje at me manglar kraft, seier han.

Meir eksport i mai

Lite vatn i magasina kjem ikkje av overdriven krafteksport i 2025, understrekar Solhjell.

– Fram til nyttår var magasina og den hydrologiske balansen heilt innanfor normalen. Så fekk me ein kuldeperiode på nyåret som auka straumforbruket, samtidig som det kom mindre snø enn normalt i fjellet, forklarer han.

I vinter importerte Noreg mykje kraft for å spara på vatnet i magasina. Mai var første månad sidan januar der me eksporterte meir kraft enn me importerte.

– Det kom av at snøsmeltinga omsider kom i gang, og at ein del kraftverk fekk meir vatn enn dei er i stand til å lagra i magasin, slik at dei vart tvinga til å produsera. Alternativet hadde vore å sleppa vatnet forbi turbinane og rett på havet, seier Solhjell.




Powered by Labrador CMS