nyhende

– Når mange gjer litt, blir det samla bidraget stort, seier fungerande generalsekretær Siri Meland i Norsk Friluftsliv.

Ut på tur, aldri sur?

Norsk Friluftsliv og Hold Norge Rent oppmodar alle til å ta ein «tur med meining» i sommar. Organisasjonane går no saman for å få fleire til å vise meir omsyn – og alt som skal til, er ein pose i sekken.

Publisert

– Dette er noko alle kan vera med på, anten du skal gå langt eller kort, åleine eller med familien, seier fungerande generalsekretær Siri Meland i Norsk Friluftsliv i ei pressemelding.

Konseptet «tur med meining» handlar ikkje om å rydda heile skogen, men om å gjera ein liten forskjell ved å plukka med seg det søppelet ein finn på vegen.

– Når mange gjer litt, blir det samla bidraget stort, understrekar Meland.

Ei fersk undersøking frå Miljødirektoratet viser at heile 8 av 10 nordmenn seier at søppel er det som øydelegg naturopplevinga mest, og 57 prosent opplever at forsøpling førekjem ofte eller svært ofte.

Mange irriterer seg òg over hundebæsj på stiar og i løyper. Heile 67 prosent seier det er irriterande å møta på dette på tur. Heldigvis er dette eit enkelt problem å fikse.

– Det du tek med deg ut, tek du òg med heim att. Bruk fleirgongutstyr framfor eingongs, og pass på at søppelet du skal ta med heim blir lagd i ein pose i sekken, slik at det ikkje fell ut av lommer eller av sekken ved uhell, seier generalsekretær Cecilie Lindvall Wendelboe i Hold Norge Rent i pressemeldinga. 

Powered by Labrador CMS