Før julaftan er det mykje som skal ordnast, kjøpast, bakast og pyntast, og mykje vi føler vi må. Etterpå kjem dei litt rolegare romjulsdagane, og då er det fint å kunne nyte fridagane om ein har det.
– Mitt beste tips denne jula er å invitere nokon du er glad i med på ein koseleg juleaktivitet. Det kan gi ein skikkeleg stemningsboost å vere ute i frisk luft, seier Bente Lier, generalsekretær i fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv.
Dei nasjonale smittevernreglane er tydelege på at vi framleis kan møtes utandørs.
– I desembermørket er det ein heilt eigen stemning og ro ute i skogen som ein må oppleve, påpeiker Lier.
Pustepausar
– Å kome seg ut i naturen kan vere ein fin måte å få litt avstand frå alt anna som stel merksemd i kvardagen, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT).
Klarp Solvang oppfordrar alle til å ta seg tid til pustepausar og kjenne på julefreden på tur. Han tipsar om å oppsøkje nye turmål, eller kanskje å finne på morosame uteaktivitetar for borna.
Ein er heller ikkje avhengig av snø for å gjennomføre mange av aktivitetane.