nyhende

Tre klatrarar held kongepokalar framfor ein fargerik klatrevegg under led-NM i Oslo.
Utdeling av kongepokalar under led-NM i Oslo i helga. Frå venstre Leo Ketil Bøe, Ingrid Kindlihagen og Sunniva Øvre Eide (forseinka kongepokal for 2025).

Uventa kongepokal til Ingrid Kindlihagen

250 av Noregs beste klatrarar var i helga samla i Oslo til NM i klatring på led. Sveibuen Ingrid Kindlihagen gjekk noko overraskande til topps i sin klasse.

Publisert

Haugaland Klatrelag stilte med sju utøvarar i klassane U17, U19 og senior.

Heine Risinggård (U17 guttar), Sunniva Brun (U19 jenter), Ørjan Rødland Vaage (senior menn) og Ingrid Kindlihagen (senior damer) kvalifiserte seg til søndagens finalar med dei åtte beste i kvar klasse, skriv Anders Kindlihagen i ei pressemelding.

Overraskande gull

Led er klatring med tau, og noko sveibuen Ingrid Kindlihagen vanlegvis ikkje trenar på. Hennar primærdisiplin er buldring der ho konkurrerer i internasjonale konkurransar.

Sjølv om Ingrid svært sjeldan deltar i led-konkurransar, tok ho noko overraskande og desto meir gledeleg gullmedalje i senior damer. Innsatsen gav henne også kongepokal.

Sunniva Eik Haave, Ingrid Kindlihagen og Pernille Tvedt med NM-medaljar og premiar framfor ein klatrevegg.
Utedeling av NM-medaljar i led-klatring til dei beste seinorklatrarane. Frå venstre Sunniva Eik Haave (sølv), Ingrid Kindlihagen (gull) og Pernille Tvedt (bronse).

Sesongavslutning

Sunniva Brun klatra inn til ein 6 plass, medan Ørjan Rødland Vaage blei nummer fem. Heine Risinggård tok en sterk bronsemedalje i U17 guttar og stadfestar si gode utvikling i år. 

Dette markerer slutten på konkurransesesongen, bortsett fra dei som er uttatt til Nordisk meisterskap i Helsinki i oktober.

Les også:

Powered by Labrador CMS