nyhende
– Vanskeleg å sjå at det blir overskot i år
Rådmann Jostein Førre legg fram raude tal når han presenterer tertialrapporten for politikarane. Høgare utgifter kombinert med lågare inntekter skaper hovudbry.
Då budsjettet for 2026 vart vedteke, sikta ein seg inn på eit overskot på 9,3 millionar kroner. Etter åtte månadar med drift viser tala at pluss er blitt til minus i dei kommunale rekneskapspapira. Den nye prognosen viser eit netto driftsresultat på minus 9,7 millionar.
– Det er ganske tydeleg at det blir eit underskot i 2026, seier kommunedirektør Jostein Førre.
19 millionar dårlegare
Tertialrapporten per 31. august viser at kommunen ligg an til eit samla meirforbruk i drifta på 15 millionar kroner. I tillegg kjem ei netto svekking på finanssida på 4 millionar.
Til saman gjev dette eit avvik på 19 millionar kroner samanlikna med budsjettet.
– Når inntektssida sviktar så mykje, og ein òg har meirforbruk på tenestene, er det vanskeleg å sjå korleis det skal bli eit overskot for dette året, seier Førre.
Pleie og omsorg er området med det største varsla meirforbruket. Ved utgangen av august var avviket på tre millionar kroner. Dersom drifta held fram på dagens nivå, anslår kommunen eit overforbruk på 3,9 millionar ved årsslutt.
Omsorg og helse
Kommunedirektøren fortel at noko av årsaka er at kommunen har fått fleire brukarar i heimetenesta og relativt færre ved omsorgssenteret. Det er ei ønskt utvikling, men dei samla kostnadane har likevel auka. Fleire nattevakter enn planlagt har teke sin del av budsjettkaka.
– Det er omsorgstenestene som skil seg ut. Der har ein høgare kostnader enn ein hadde rekna med, seier han.
Habilitering ligg an til eit meirforbruk på 3,31 millionar kroner. Helse og fellestenester er venta å gå tre millionar over budsjettet. Overforbruket er i hovudsak knytt til meir bruk av vikarar ved legekontora.
– Det har vore litt utskifting på legesida dette året. Me ventar at det vil utvikla seg i positiv retning når faste legar kjem på plass i stillingane.
Lågare inntekter
Det er likevel ikkje berre meirforbruket som skaper hovudbry for rådmannen. Også inntektene har vore lågare enn en rekna med.
Utbetalinga frå Havbruksfondet er venta å bli 6,8 millionar kroner lågare enn budsjettert. I tillegg blei årets sentrale lønsoppgjer 1,5 millionar dyrare enn kommunen hadde sett av pengar til.
Dette blir delvis motverka av at renteinntektene er venta å bli 2,5 millionar kroner høgare enn budsjettert, medan flyktningtilskotet kan bli om lag 1,5 millionar høgare.
Førre seier at kommunen arbeider kontinuerleg med å tilpassa drifta til inntektene. Dersom inntektene ikkje aukar, kan det bli nødvendig å redusera tenester eller organisera dei på ein annan måte.
– Dersom ein skal ha same tenestenivå og dekkja dei same behova som i dag, samstundes som ein ikkje får meir inntekter, vil det føra til at ein må redusera nokre tenester eller tilby dei på ein annan måte. Ein må bruka mindre pengar, seier han.
Rett tempo
Førre understrekar at omstillinga må skje gradvis.
– Me kan ikkje redusera skuletilbodet for mykje. Sjølv om det er færre elevar i dei yngste kulla enn for nokre år sidan, vil kostnaden delvis vera driven av talet på klassar. I dei komande åra vil me framleis ha mange elevar i ungdomsskulen før også dette talet blir redusert.
Førre peikar på at det er viktig å utvikla tenestene i rett tempo.
– Me må byggja opp eldreomsorga, men ikkje tidlegare enn behovet tilseier. Det er viktig å halda oppe og styrkja dei førebyggjande tilboda, slik at innbyggjarane kan bu lengst mogleg heime og oppbygginga av dyrare institusjonsplassar blir forseinka. Det er vanskeleg å treffa heilt rett tempo, seier han.
Han peikar også på rekruttering som ei sentral utfordring. Kommunane vil trenga fleire tilsette innan helse og omsorg, samstundes som det blir færre personar i arbeidsfør alder.
– Me treng at folk utdannar seg til helse- og omsorgsyrka. Kommunen skal vera eit tryggingsnett, men folk må også planleggja for sin eigen alderdom, seier Førre.
Tertialrapporten skal handsamast av formannskapet før den går vidare til kommunestyret.