nyhende

Gul midtstripe og forsterka midtoppmerking kan redusere møteulukker med 40 prosent, ifølgje ein rapport frå Transportøkonomisk institutt. Illustrasjonsfoto: Jørund Hessevik / NPK

Ventar framleis på gul midtstripe

1.042 kilometer av norske europa- og riksvegar manglar framleis ei breidde på seks meter, som trengst for å lage gul midtstripe. Det er like mange kilometer som i 2008, då «gul midtstripe-strategien» vart lansert.

Publisert

Det melder NRK, som omtalte saka fyrst.

– Alle riksvegar i Noreg skulle ikkje berre vera seks meter. Mange skulle også bli 8,5 meter. Dette var ei viktig satsing, spesielt for Distrikts-Noreg. Innan 2019 skulle det berre stå att 890 kilometer med riksvegar utan gul stripe. Slik gjekk det ikkje, skriv statskanalen , som peikar på at det framleis står mange «flaskehalsar» att. Altså «stader der det rett og slett korkar seg.»

Politisk vilje

Bård Hoksrud (Frp) sat sin første periode i Transport- og kommunikasjonskomiteen frå 2005 til 2009, og er i dag leiar av komiteen. Han seier til NRK at det heile handlar om politisk vilje.

– For å få til gul midtstripe må du fleire stader bruka ganske mange pengar. Dermed blir det heller investeringar, fortel Hoksrud.

– Må ta tak i desse tinga

Liv Signe Navarsete var samferdsleminister for Senterpartiet i same periode og gjekk nyleg av som Statsforvaltar i Vestland. Ho trekkjer fram mangel på prioriteringar som årsak.

– Vi må ta tak i desse tinga, rett og slett. Det har alltid vore meir stas med nye, store prosjekt, enn å ta tak i eksisterande vegar. Det var ikkje mange som stod i kø for å komma på lista med utbetring av eksisterande vegnett då eg var samferdsleminister, seier Navarsete.

Har bygd breitt framfor langt

Forskar Kjell Werner Johansen hjå Transportøkonomisk institutt meiner på si side at fokuset dei siste 10–15 åra har vore på å byggja breitt.

– Ein har vore meir oppteken av å byggja store motorvegprosjekt med fire felt, i staden for å byggja langt. No har dei innsett at det går an å byggja lenger, seier han.

Her manglar det gul midtstripe

  • E6 (frå Svinesund til Kirkenes): 248 kilometer

  • Rv. 13 (Stavanger til Sogndal): 148 kilometer

  • Rv. 92 (Kautokeino til Sør-Varanger): 125 kilometer

  • E10 (Å i Lofoten til Bjørnfjell): 105 kilometer

  • E69 (Olderfjord til Nordkapp): 74 kilometer

  • E75 (Vardø til Utsjok): 71 kilometer

  • E39 (Klett til Kristiansand): 53 kilometer

  • Rv. 73 (Trofors til Hattfjelldal): 51 kilometer

  • Rv. 9 (Kristiansand til Haukeligrend): 12 kilometer

  • E134 (Karmøy til Frogn): 31 kilometer

  • Rv. 94 (Hammerfest til Skaidi): 26 kilometer

  • Rv. 41 (Brunkeberg til Timenes): 28 kilometer

  • Rv. 15 (Måløy til Otta): 15 kilometer

  • E45 (Alta til riksgrensa Finland): 14 kilometer

  • E136 (Ålesund til Dombås): 8 kilometer

  • E16 (Bergen til Kongsvinger): 3 kilometer

  • Rv. 85 (Sortland-Hamarøy): 5 kilometer

  • Rv. 70 (Kristiansund til Oppdal): 5 kilometer

  • Rv. 827 (Narvik til Sommarset): 4 kilometer

  • Rv. 36 (Seljord til Porsgrunn): 4 kilometer

  • Rv. 651 (Volda til Hjelle): 3 kilometer

  • Rv. 7 (Hardangerbrua til Hønefoss): 2 kilometer

  • Rv. 5 (Florø til Lærdal): 2 kilometer

Kjelde: Norsk rikskringkasting (NRK), Statens vegvesen. Tabellen viser ikkje prosjekt som er under utbetring

Powered by Labrador CMS