nyhende
Ventar rekordår for julehandelen
Jula er høgtid for handelsstanden. Virkes prognosar viser at vi vil handle for nær 152 milliardar kroner i november og desember, ein vekst på 4 prosent frå i fjor.
Virke anslår at kvar nordmann i snitt vil bruke rundt 27.000 kroner på varer i november og desember.
– Jula er høgtida for å gle andre, og det er få ting som er meir hyggjeleg enn å finne den perfekte gåva til nokon du er glad i. Etter fleire år med press på privatøkonomien har mange fått betre økonomisk handlingsrom. Det gir grunn til optimisme og lovar godt for julehandelen, seier Marianne Bjarstad, direktør for handel i Virke, i ei pressemelding.
Endra handlevanar
Av den samla handelen på nær 152 milliardar kroner er det venta at 72,4 milliardar blir brukte i november og 79,3 milliardar i desember.
– Før venta mange til desember med julegåvehandelen. No startar fleire førebuingar allereie i november. Black Week og netthandelen har endra handlevanane våre, og mange er flinke til å planleggje kjøpa, seier Bjarstad.
Så mykje skal kvar av oss handle for, ifølgje Virke analyse:
Oslo: 33.068
Vestfold: 32.773
Buskerud: 29.481
Agder: 28.202
Troms: 27.087
Akershus: 26.112
Rogaland: 26.038
Telemark: 25.935
Finnmark: 25.724
Vestland: 25.216
Nordland: 25.191
Trøndelag: 25.136
Møre og Romsdal: 24.706
Innlandet: 24.232
Østfold: 22.066