nyhende
Vi blir svindla for millionar via kort og bankkonto
Svindlarar forsyner seg via kort og kontooverføringar – og framleis er det store summar som forsvinn. Første halvår i år vart vi svindla for 438 millionar kroner.
Svindelstatistikken frå Finanstilsynet viser ein nedgang på 120 millionar kroner frå andre halvår 2025, men summen i første halvår 2025 var omtrent på same nivå som i same periode i år.
Seksjonsleiar Wenche Fagereng i seksjon for IT og betalingstenester i Finanstilsynet peikar på nedgangen mellom siste halvår i fjor og første halvår i år.
– Ei sannsynleg forklaring her kan vere summen av fleire tiltak. Vi har mellom anna meir treffsikker transaksjonsovervaking, betre kontrollmekanismar i bankane og førebyggjande tiltak, seier ho til NTB.
Dei nye tala omfattar alt som er svindla, uavhengig om det er kundane som har mista pengane eller banken og kortselskapa. Første halvår i år vart vi via kort og konto svindla for 438 millionar kroner, viser svindelstatistikken.
Klassisk manipulering
Bankane seier samtidig at dei er betre til å overvake tryggleik i nettbankane. Likevel rapporterer dei at dei ser høg svindelaktivitet og mange svindelforsøk.
– For kontooverføringar er sosial manipulering den mest sentrale svindelforma, seier Fagereng.
Ho beskriv fleire av dei metodane som mange av oss truleg har høyrt om tidlegare og vorte åtvara mot. Typisk kan nokon ha vorte oppringt av ein person som gir seg ut for å vere frå banken eller politiet.
– Svindlaren hevdar at kontoen er utsett for eit angrep og ber personen flytte pengane til ein «sikker konto».
Det er nok mange som også har fått lenker på tekstmelding eller e-post om pakkar, refusjon eller ubetalte rekningar eller avgifter. Det har også vorte fortalt om falske investeringsrådgivarar som typisk opererer via sosiale medium.
– For betalingskort skjer svindelen i større grad ved at svindlaren bruker stolen eller kompromitterte kortopplysningar. Opplysningane kan vere henta inn gjennom phishing, falske nettbutikkar, falske betalingslenker eller datalekkasjar, seier ho.
Automatisk stopp
Sjølv om store summar vart stolne via svindlarar, er det endå større summar som har vorte stoppa.
– Avverja transaksjonar er betalingar som er initierte som ledd i eit svindelforsøk, men stoppa av automatiserte system eller manuell innblanding, seier Fagereng.
Norske bankar og kortselskapa avverja konto- og kortsvindel for til saman 1,3 milliardar kroner i første halvår 2026.
Av dette er 393 millionar kroner knytte til kontooverføringar og 897 millionar kroner til kortbetalingar.
Bankane stoppar også mykje svindelaktivitet før noka betaling blir initiert. Ein del av desse summane er ikkje med i statistikken.