nyhende

Dei siste åra har mengda med norske poteter i butikkane auka.

Vi importerer lite poteter: – Gjer oss sårbare

For om lag to år sidan endra Noreg importtollen på poteter. Målet var å auke sjølvforsyninga, men vi er svært sårbare om vi får eit dårleg potetår, meiner forskar.

Publisert

– Viss det skulle bli knappleik på norske poteter no, så er det ikkje berre å setje i gang å importere. Noreg vil stille bakerst i køen, og det vil gjere at vi må importere til ein høgare pris enn om vi hadde hatt regelmessig import, seier samfunnsøkonom Ivar Gaasland til Nynorsk pressekontor.

Det var i 2024 at Stortinget vedtok å leggje om frå kronetoll til prosenttoll for issalat, knollselleri, raudbete, kålrot og potet. Tollsatsane for poteter blei sette til 100 prosent i perioden 16. juli–14. mai og 191 prosent frå 15. mai–15. juli.

– Innføringa av prosenttoll på poteter har vore, og er framleis viktig for utviklinga av norsk produksjon. Gjennom betre tollvern har marknaden for norske poteter blitt større. Fleire potettypar blir no dyrka av norske produsentar i staden for å bli importerte, seier leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming.

Kronetoll er eit fast kronebeløp per kilo. Prosenttoll er ei avgift som blir rekna som ein prosentdel av verdien på vara.

Han meiner tollendringa er ei suksesshistorie.

– Fleire kontraktar er lagde ut til norske bønder og utvalet av norske potetvariantar blir større. Det same ser ut til å skje for dei andre grønsakene som er omfatta. Vi tolkar dette som at det ligg moglegheiter i å gjennomføre overgang til prosenttoll også på andre landbruksprodukt og dermed styrke norsk matproduksjon ytterlegare, seier Gimming.

Kritisk til manglande konkurranse

Ivar Gaasland på si side meiner endringane var med å skvise ut potetimportørar frå den norske marknaden.

– Dei fann det ikkje lenger lønnsamt å halde fram. Difor står ein att med dominerande aktørar, som nesten ikkje har konkurranse. Gartnerhallen og Bama er dei store vinnarane, seier Gaasland til NPK.

Dei siste åra har delen norske poteter auka i butikkane.

Gaasland meiner ideen om at ein får meir norskprodusert innskrenkar tilbodet.

– Tilgangen på høgkvalitetspoteter, som til dømes Amadine, har blitt mykje dårlegare no – sjølv om vi ser at enkelte norske produsentar er i gang med å produsere liknande sortar. Prosenttollen er ei endring trumfa gjennom av produsentane for produsentane, seier han.

Lite å velje i

Gaasland meiner vi som forbrukarar tapar på den nye ordninga. Han viser spesielt til at tollen er særleg høg i perioden der det er veldig lite nypoteter frå norske bønder.

– Valfridomen til forbrukarane blir fjerna. Vi blir på mange måtar tvinga til å ete norske lagringspoteter om våren, fordi det ikkje blir importert nypoteter frå Sør-Europa i den perioden. Dette er litt protestantisk etikk: Vi må ete opp gammalt for å få ete nytt.

Potetsjef i Bama, Devi Ahuja, er usamd med Gaasland i at nordmenn ikkje vil ha norske lagringspoteter.

– Etter fleire år med relativt stabilt sal av poteter ser vi no for første gong på lang tid at forbruket av poteter er på veg oppover igjen. Det er gledeleg, og viser at nordmenn gjerne et norske lagringspoteter så lenge kvaliteten er god, seier ho til NPK.

Potettollen har gitt fart i norskproduksjonen, ifølgje Bondelaget.

Ho meiner det må vere eit mål å gå importen endå hardare til livs.

– Ambisjonen er å redusere behovet for import ytterlegare, særleg på vårparten. Skal vi lukkast med det, må potetene som blir tekne opp om hausten, halde god kvalitet gjennom ein lang periode. Det avheng både av vekst- og innhaustingsforholda det enkelte året og av at stadig fleire produsentar har gode lagringsfasilitetar, seier Ahuja.

– Import gir gode handelsrelasjonar

Kritikarane var òg redde for at tollendringa kom til å gi utslag i potetprisen. Tal frå Landbruksdirektoratet og Statistisk sentralbyrå (SSB ) viser at det ikkje har vore uvanleg høg prisauke på poteter dei siste åra.

– Det har vore ein generell prisauke på dei fleste matvarer i denne perioden – og mange faktorar har spelt inn. Eg trur ikkje vi vil sjå det direkte utslaget tollen vil ha på prisane før det har gått lenger tid, seier Gaasland.

Han peikar på at høgare prisar verkeleg kan gjere seg gjeldande i tider der ein ikkje har nok produkt på lager.

Ifølgje Bama er forbruket av poteter i Noreg på veg oppover.

– Dei som importerer varer til Noreg, har bygd opp relasjonar med leverandørar over lang tid. Når ein importerer regelmessig, og kjenner dei ein kjøper frå, får ein betre avtalar. Det gir tilgang på varer med god kvalitet til ein god pris. Prosenttollen har teke strupetak på desse relasjonane for potetimportørane, seier samfunnsøkonomen.

Han er likevel klar på at det i det store heile er litt tidleg å konkludere.

– Prosenttollen har berre vore gjeldande i to år, så framleis er det vanskeleg å fastslå heilt kva konsekvensane blir.

Bjørn Gimming og Norges Bondelag er klare på at tollen har slått ut akkurat slik dei ønskte.

– Tollgrepet aukar norsk sjølvforsyning og verdiskaping, seier han.

Powered by Labrador CMS