nyhende

Norske forbrukarar trur at lam og sau har den beste velferda av husdyra. Likevel et vi lite av kjøttet deira.

Vi meiner lammet har det best, men vel kylling i butikkhylla

Mange nordmenn er opptekne av norskprodusert mat og dyrevelferd. Men vi et minst kjøtt frå dyret vi meiner har det best, viser ein ny rapport frå Animalia.

Publisert

– Er norske forbrukarar dobbeltmoralske når det gjeld dyrevelferd? spør samfunnsanalytikar Anne Zondag i MatPrat, opplysningskontoret for egg og kjøtt.

Vi meiner nemleg at lam er det husdyret som har det best. 78 prosent av oss har eit godt inntrykk av velferda for sau og lam, medan berre 44 prosent meiner det same om kylling. Det viser den ferske rapporten «Kjøttets tilstand» frå Animalia.

Likevel et vi meir kylling enn lam, og svin er kjøttet vi et aller mest av. Men det treng ikkje bety at vi er dobbeltmoralske, seier Zondag.

Det kan skuldast at vi er i to ulike modusar. Når vi blir spurde om haldningane våre, er vi kanskje mette og har tid til å reflektere over kva vi meiner. Men når vi står travle og svoltne i matbutikken, må valet om kva som skal på middagsbordet ofte gå kjapt, forklarar Zondag. Det kan gjere at haldningane og handlingane våre ikkje alltid stemmer overeins.

Sjølvforsyning viktig for mange

Kvart år gjennomfører Animalia ei haldningsundersøking blant nordmenn. Resultata frå undersøkinga som vart gjennomført no i sommar, viser at omsynet til mattryggleik og sjølvforsyning står sterkt hjå mange.

Mange nordmenn kjøper kylling i matbutikken, sjølv om under halvparten av oss trur kyllingane har god dyrevelferd.

– Norske forbrukarar vil ha norskprodusert mat og ser på det som ein tryggleik, seier Edel-Anita Westhagen, administrerande direktør i Animalia.

60 prosent av nordmenn ønskjer å auke produksjonen av norsk mat, og berre 4 prosent vil at vi skal redusere.

Oppsving for kjøtt og egg

Vi åt totalt sett litt meir kjøtt i 2025 enn året før, med ein auke på 1,3 prosent.

– Det er ein auke vi såg i både 2024 og 2025, men vi har hatt ein nedgang sidan toppen i 2021, på heile 7 prosent.

Sidan 2021 har raudt kjøtt gått ned 8,7 prosent, medan kvitt kjøtt har gått opp 2,2 prosent. Nordmenn et omtrent 38 kilo kjøtt per person i året. Det utgjer 475 gram raudt kjøtt og 225 gram kvitt kjøtt i veka. Trenden med å ville avgrense kjøttforbruket har mista det meste av krafta, trur Animalia-direktøren.

– Kjøttskammen mistar litt grepet, men vi er framleis opptekne av helse. 74 prosent av oss seier at kjøtt og egg er reint og naturleg, seier Westhagen.

Powered by Labrador CMS