nyhende

Alle på VM-festen i Sveio soknehus reiste seg og song «Ja, vi elsker» saman med supporterane og landslaget.

VM-kveld for minneboka

Nasjonalsong, roing, glede usikkerheit og til slutt jubel over at Noreg igjen skal møta Brasil i eit VM.

Det blei ein kveld for minneboka for over 50 barn og vaksne på Sveio soknehus under visninga av 16-delsfinalen mellom Noreg og Elfenbenskysten tysdag. Det meldes at lydnivået var høgt, og stemninga nærast elektrisk då Noreg scora mål og dommaren til slutt blåste av kampen.

Klare for VM-innrykk på soknehuset. Frå venstre Bent Rune Sinnes, Bjørn Storebø og Asbjørn Natås.

– Dette blei ein fotballfest større enn me hadde sett for oss, Me hadde lagt til rette nokre enkle rammer med brus, chips, flagg og ei tromme, og publikum kom med forventing, engasjement og initiativ som skapte ein stor fest. No veit me at soknehuset også er godt eigna for idrettsfestar, seier initiativtakarane Asbjørn Natås, Bjørn Storebø og Bent Rune Sinnes frå styret i Sveio soknehus. 

Har du bilde eller video frå VM-kvelden du vil dela?

Slik gjer du det:

  • Send bilde eller video til tips@vestavind.no

  • Merk dei med VM-feber.

  • Hugs namn på fotograf og kvar bildet er tatt.

  • Skriv gjerne namn på dei som er på bildet frå venstre mot høgre, og hugs at du må spørja dei som er med på bildet om det er greit for dei at du sender inn.

Me gjer merksam på at Bent Rune Sinnes også er styreleiar i Vestavind. Det er har ikkje påverka redaksjonen, som har fullt og uavhengig ansvar for innhaldet.

Powered by Labrador CMS