nyhende
Vurderer strengare reglar for utleige av fritidsbåtar
Sju utanlandske fisketuristar har omkomme i Noreg hittil i år. No vurderer styresmaktene strengare reglar for utleige av fritidsbåtar.
Sjøfartsdirektoratet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har fått i oppdrag frå regjeringa å vurdere om regelverket bør bli stramma inn, melder NRK.
Bakgrunnen er fleire dødsulykker med utleigebåtar. Fire tsjekkiske fisketuristar blir antatt omkomne etter at båten deira vart funnen tom ved Averøya fredag. I mai omkom tre utanlandske turistar i ei ulykke med ein utleigebåt utanfor Smøla.
– Det har dessverre vore ein del ulykker knytte til utleige av fritidsbåtar, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet.
Direktorata skal gå gjennom ulykkene og vurdere om reglane bør bli stramma inn eller bli tydelegare.
Frå 2017 til 2025 omkom 15 utanlandske fisketuristar i elleve ulykker med utleigebåtar, ifølgje Sjøfartsdirektoratet.
Statens havarikommisjon har tidlegare foreslått strengare krav til båtutleigarar. Kommisjonen meiner mellom anna at utleigebåtar bør ha sporingsutstyr, slik at ein raskt kan reagere om noko skjer.