Finn fram dag i Rex Garden

30. august 2026 kl. 12:00-15:00. Arr.: Sveio Orienteringslag saman med Førde-speidarane, Skånevik-speidarane, Lid 4H og Sveio Turlag.

Sveio O-lag, Sveio orienteringslag, logo

Sommarferien er slutt og kvardagen er komen til dei fleste. Men Sveio O-lag vil innby til eit arrangement som kan løfta kvardagen til nye høgder; Finn Fram dag, friluftslivsdagen for heile familien, søndag 30. august.

Start frå Strando/Prestabryggjo i Førde.
Enkel turløype med 8 postar og innlagte o-oppgåver. (Postbesøk gir poeng på tur­orientering.no). Premie til alle som fullfører rundløypa. 

Kaffipost. 

Aktivitetar: Kanopadling, hesteskokasting, frisbeegolf på blink, pilkast-konkurranse, luftgeværskyting og kåring av søndagens sterkaste med vassbøtter. 
Premiering i alle øvingar.

Sal av pølser i brød, vafler, boller, saft og kaffi.
Loddtrekking av premiar blant alle registrerte deltakarar. 

Parkering i Førde sentrum.

Medarrangørar:  Førde-speidarane, Skånevik-speidarane, Lid 4H og Sveio Turlag

Hovudarrangør: Sveio Orienteringslag

Følg oss på Facebook.

Powered by Labrador CMS