lesarbidrag
Arne Torget samla mange
Måndag 16. november var Arne Torget gjest i Sveio Senioruniversitet.
Det var tydeleg at mange kjende til han. Over 80 personar fann vegen til Vigdartun denne fine novemberdagen. Og Arne Torget skuffa ikkje.
Gjennom forteljingar og dikt skildra han oppturar og nedturar, det han likte og det han irriterte seg på. Latteren sat laust i salen. Og etter ein liten time uttrykte folk at dei gjerne kunne sete ein time til og høyrt på han. Mange kjøpte også bøkene hans etter foredraget.
Og i vrimleområdet i Vigdartun var stemninga god rundt borda då kaffi og kringla blei servert.
Astrid Hovda