meiningar

Lite beltekøyretøy med motor og ratt på asfalt, ved sida av ein person i verneutstyr.
Mølletesten viste farten då Statens vegvesen og politiet sjekka elsparkesyklar ved Sveio skule. Ikkje alle var innanfor den lovlege grensa.

Me må snakka om elsparkesykkel

Tenk tilbake til 2017-2018. På det tidspunktet byrja me å høyra om noko dei kalla elsparkesyklar. Det verkar brått lenge sidan. Sjølv om det ikkje finst sikre tal, estimerer mellom anna Finans Norge med at det er ein halv million elsparkesyklar i Noreg no. Kanskje endå fleire. Elsparkesyklar har gått frå å vera del av utleigeordningar i dei store byane til å bli eit privat køyretøy som stadig fleire disponerer. 

Utfordringane er tydelege. Som Transportøkonomisk institutt påpeikar, har utbreiinga av elsparkesyklar ført til fleire ulykker og ulemper for andre som er i trafikken. Sjølv har me snakka med føresette som er uroa for barna sine langs skulevegen, vel så mykje på grunn av elsparkesyklistar som for bilistane, svaksynte som opplever trafikkbiletet som meir uføreseieleg enn nokon gong og ungdomar sjølve som er redde for at vener skal hamna i ei ulykke.

Elsparkesykkel i ei våt bygate med bygningar og lys i bakgrunnen.
Det å bruka eller køyra ein ulovleg eller uforsikra elsparkesykkel er straffbart.

Trass i fleire innskjerpingar i regelverket, er det tydeleg at me ikkje er i mål. For mange køyrer utan hjelm, for mange køyrer modifiserte elsparkesyklar som går langt fortare enn det som er lov og for mange køyrer to på køyretøyet. Samtidig veit me at ulykkesrisikoen ved å bruka elsparkesykkel er høg, og langt høgare enn for bruk av til dømes sykkel. 

Som politiet i Bergen tidlegare har oppmoda om: Det er på tide ta praten med ungdomen heime om bruk av elsparkesykkel. Føresette må tora å stille krav. Trygg Trafikk har utforma eit utkast til ein avtale mellom foreldre og barn, som seier noko om kva forventningar ein har kring bruk av køyretøy. 

Forventningane må vera tydelege på nokre punkt: 

  • Det er berre lov med ein person på køyretøyet.

  • Maks. fart er 20 km/t og modifisering er ulovleg.

  • Me skal visa omsyn til fotgjengarar og passera i gangfart (6 km/t).

  • Vikepliktsreglane må me læra, forstå og følga.

  • Elsparkesykkelen skal ha lovpålagt ansvarsforsikring.

  • Bruk hjelm! 

Trygg Trafikk meiner dette må vera starten på fleire nye endringar og innskjerpingar. Me støttar nyleg framlegg frå regjeringa om å heva aldersgrensa frå 12 år til 16 år og meiner hjelmpåbodet bør gjelda alle. Ulovlege køyretøy må vekk frå vegen og i alle fall bli forbode å selja. Kontrollinnsatsen kring rus, fart og anna ulovleg åtferd må prioriterast høgare. 

Det å bruka eller køyra ein ulovleg eller uforsikra elsparkesykkel er straffbart, og føresette kan bli erstatningsansvarlege for skader barn påfører andre. Mens me ventar på endringar og innskjerpingar i lovverket, må me ta praten med dei nær oss. Om du treng råd eller er usikker på reglar som gjeld, finn du god informasjon på heimesida til Trygg Trafikk. Me har ingen å mista.

Katrine Helle Midtbø, spesialrådgjevar Trygg Trafikk Vestland
Knut Olav Nestås, regionleiar Trygg Trafikk Vestland

Powered by Labrador CMS