meiningar

I lang tid har utfordringane i barnehage og skule vakse, utan at dei økonomiske rammene har tatt høgde for det., skriv Leif Sverre Haga, lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Sveio.

Konsekvensane av ein oppvekst­sektor skore til beinet

Kutt er noko me som jobbar i barnehage og skule er vane med. Såleis skuffa ikkje neste års føreslåtte budsjett heller, der om lag 4,2 millionar skal sparast i sektoren. Det kan virke som småpengar, sett opp mot den totale kostnadsramma, men for oss i førstelinja betyr det at færre vil få den hjelpa dei treng. Ofte tenkjer ein at dette berre går utover dei mest utsette ungane, men faktum er at det går utover alle. Og eg meiner verkeleg alle.

I lang tid har utfordringane i barnehage og skule vakse, utan at dei økonomiske rammene har tatt høgde for det. Den ferske Stortingsrapporten om fellesskulen, NOU 2026:10, sette ord på det: «Dei fallande læringsresultata og den negative utviklinga i trivsel kan ikkje forklarast med at skulen gjer ein dårlegare jobb. Derimot har forutsetningane for å gjennomføre samfunnsoppdraget endra seg raskt som følge av utviklingstrekk i samfunnet.»

Talet på barn som treng og har rett på tilpassing har gått gjennom taket. Viss ein til dømes ser på kva ein kontaktlærar var forventa å gjere for tjue år sidan opp mot i dag, er det ei verd av forskjell. Eller kva ein pedagogisk leiar skal få til med fire timar til for- og etterarbeid i veka, eit tal som har stått stille sidan 70-talet.

Nye oppgåver og ansvar har berre blitt lempa på oss utan at me har fått meir tid til å utføre oppgåvene. Heile samfunnet gjennomgår kontinuerleg ein effektiviseringsprosess, men omsorg, tryggleik og læring er ikkje varer på transportbandet. Det krev tid.

Sanninga er at dette hadde aldri gått utan alle dei fantastiske menneska som jobbar i barnehagen og skulen. Her er det mange som strekk seg langt og lengre enn langt for at barna som er i vår varetekt skal få det dei treng. Det er takk vere omsorgsfulle og dyktige lærarar, fagarbeidarar, vikarar og leiarar at dette i det heile tatt går rundt, same kor mykje som blir kutta eller kor høgt sjukefråværet er. For det er høgt. Eg er redd for at me som jobbar i skule og barnehage har dekka over og kamuflert for manglande rammer altfor lenge, slik at dette er blitt den forventa normalen. 

Men det er mykje ved dagens situasjon som ikkje er normalt, og som me ikkje burde akseptere. Både i barnehage og skule strekk me oss i alle retningar for å ivareta barna med så mange sprikande behov. Skal me akseptere at ein vaksen tidvis står aleine med ansvaret for 12-15 barn i barnehagen? Tenk kor stressa du er dei to timane med barnebursdag, med halvparten så mange barn.

Skal me akseptere at læraren må gjere som foreldra seier, uavhengig av kva som er best for fellesskapet? Skal me akseptere at leiarane i praksis ikkje har tid til det som er primæroppgåva deira, å leie personalet og det pedagogiske arbeidet? Me, både tilsette og foreldre, må slutte å akseptere dette som normalen, og holde våre folkevalde til ein høgare standard. For det er no ein gong slik at det er dei som fastset dei økonomiske rammene me må operere etter, både på nasjonalt og lokalt plan.

Kva skal kravet vere? Det er enkelt i grunnen; oppvekstsektoren må få rammer som står i tråd med oppgåvene me er sett til å løyse. Når barn er meir usikre, når foreldre er meir kravstore, når fleire fell utanfor, når politikarane krev betre resultat, ja, så krev det meir støtte i praksis. Om me får ein ny læreplan, om iPaden er ute av skulen eller om skulen skal bli meir praktisk betyr ingenting, viss me ikkje anerkjenner kor skoen trykker; mangel på mannskap og hender på jobb.

Kor mange lærarar føler ikkje at dei får bruke alt for lite av si tid på læring? Og kor mange kjem vel ikkje heim med dårleg samvit for alle me ikkje har fått følgt opp tilstrekkeleg den dagen heller? Slik det er no, har dei fleste av oss ingen reell moglegheit til å lukkast med jobben me er sett til å gjere.

Kvifor er det slik i verdas rikaste land, at me ikkje har råd til å finansiere skulen skikkeleg? Det eine problemet er jo openbert at kommunane har ansvaret og har i utgangspunktet for lite pengar til tenestene dei skal tilby sine innbyggjarar. Men eg trur og ein falsk påstand har festa seg i hovudet på våre folkevalde, nemleg at Noreg bruker meir pengar på skule enn nokon andre sett opp mot BNP.

Dette stemmer ikkje. Tala som har blitt brukt til å underbyggje denne påstanden er basert på fastlands-BNP, som blant anna ikkje inkluderer olje- og gassinntekter. Ser ein på samla BNP, slik alle andre land bruker, er Noreg på 20. plass. Det finst altså ganske mange av våre vestlege land som bruker vesentleg meir på skule enn oss, til tross for at dei har mindre å rutte med. 

Der me derimot er på topp, er kostnader forbunde med sjukefråvær og unge som ufrivillig står utanfor arbeidslivet. Omgrep som «skulevegring», «utanforskap» og «unge uføre» var knapt høyrt om for ti år sidan, men er blitt store samfunnsproblem. Dette er enormt kostbart. Kva hadde skjedd om me hadde investert litt meir for å ivareta barn i barnehage og skule?

Eg siterer den ferske Stortingsrapporten igjen: «Fellesskulen er ein bærebjelke for det norske demokratiet og velferdssamfunnet. Den er ein forutsetning for demokratiets framtid, og den er ei samfunnsøkonomisk særdeles lønnsam investering.» Likevel har kommunen ikkje råd til å tenkje på dette når dei skal få årets budsjett til å gå opp, så staten får rekninga til slutt. Treng kommunane meir insentiv til å tenke meir langsiktig her?

Det er enorme summar å spare, og den same rapporten har gjort nokre overslag. Ei auke i karaktersnitt med berre 0,1 vil tene samfunnet om lag 10 milliardar kroner i form av auka verdiskaping og reduserte kostnader til kriminalitet og stønader. Det er nesten 10 prosent av den totale skulekostnaden til A/S Noreg.

Klarer me å få 1 prosent fleire av elevane til å fullføre grunnskulen, er det nesten 2 milliardar spart, det same for vidaregåande om fullføringsgraden aukar med 1 prosent der. Med slike svimlande tal for marginale resultatendringar, kvifor står me ikkje i kø for å satse på barnehage og skule? 

Dersom me lukkast med å utdanne «gangs menneske», vil det vere til gunst for alle. Det hjelper lite å ha mykje pengar i helsesektoren på sikt, dersom me ikkje har folk til å fylle stillingane. Her må ein sjå samanhengen med oppvekstfeltet. Det har aldri vore viktigare å klare å få folk i arbeid. Noreg manglar arbeidskraft i dei aller fleste sektorar, og då må ein først klare å komme seg gjennom eit skuleløp.

Tal er ein ting, men me ser individa som ikkje får hjelpa dei treng. Dei treng og fortener meir enn ein oppvekstsektor skore til beinet. Sats på oss slik at neste generasjon blir best mogleg skikka til å møte framtida, til det beste for oss alle.

Leif Sverre Haga
Lokallagsleiar i Utdanningsforbundet Sveio

Powered by Labrador CMS