meiningar

Ein treng ikkje ha lang politisk erfaring eller kunne alt om kommunale budsjett for å ha noko viktig å bidra med, skriv Linn Therese Erve og Kristian Håland.

Kven skal vere med og forme framtida til Sveio?

Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine meiningar og haldningar.

Kommunevalet i 2027 nærmar seg, og med det kjem eit viktig spørsmål: Kven skal vere med og ta avgjerdene som formar framtida til kommunen vår?

Me meiner Sveio er best tent med eit levande lokaldemokrati, der fleire engasjerer seg, kjem med meiningane sine og tek del i samfunnsdebatten. Lokalpolitikk handlar nemleg om langt meir enn partiprogram og kommunestyremøte. Det handlar om kvardagen vår.

Det handlar om korleis barna våre skal ha det i barnehagen, på skulen og på fritida. Om eldre og pleietrengande får den omsorga dei fortener. Om trygge og inkluderande lokalsamfunn, gode arbeidsplassar og korleis me skal utvikle Sveio på ein berekraftig måte.

Dette er spørsmål som angår oss alle, og som fortener engasjement frå langt fleire enn dei som allereie er aktive i politikken.

Me i Sveio Arbeidarparti meiner det er viktig at lokalpolitikken speglar mangfaldet i kommunen vår. Me treng ulike erfaringar, nye perspektiv og menneske i forskjellige livssituasjonar. Småbarnsforeldre, ungdom, arbeidstakarar, pensjonistar og andre som har tankar om korleis Sveio kan bli ein endå betre kommune å bu og leve i.

Ein treng ikkje ha lang politisk erfaring eller kunne alt om kommunale budsjett for å ha noko viktig å bidra med. Ofte er det nettopp erfaringane frå kvardagen som gir dei beste innspela til korleis me kan utvikle gode tenester og lokalsamfunn.

Me ønsker oss ein kommune der fleire kjenner at dei kan påverke, og der terskelen for å engasjere seg i politikken er låg. Det må vere rom for både usemje, nye idear og konstruktive diskusjonar.

Fram mot kommunevalet i 2027 håpar me derfor at fleire innbyggarar vil engasjere seg i den politiske debatten, anten det er gjennom eit politisk parti, frivillige organisasjonar eller ved å løfte fram saker dei brenn for.

I Sveio Arbeidarparti ønsker me å lytte til fleire stemmer og opne for nye perspektiv når me skal forme politikken vår for åra som kjem.

For framtida til Sveio blir ikkje forma av politikarane åleine. Ho blir forma av alle oss som bur her, og som bryr oss om korleis kommunen vår skal utvikle seg.

Kva meiner du er viktigast for framtida til Sveio?

Linn Therese Erve og Kristian Haaland
Sveio Arbeidarparti

Powered by Labrador CMS