meiningar
Øklandsvegen igjen
Dette er eit lesarinnlegg. Innhaldet gir uttrykk for skribenten sine meiningar og haldningar.
Me må seia oss hjartans einige med Arild Høyland i Vestavind 13.10.26.
Vegen er veldig dårleg halde ved like. Fleire stadar har vegen sokke ned i myrene, lapping har blitt utført her og der, men til kva nytte? Asfaltkantane er svake og toler lite før dei brekk.
Vegen er så smal og svingete at den er til fare for alle vegfarende. Bilane treng meir plass etter kvart som desse er blitt breiare og større. Bussar, bilar og varebilar kjempar om plassen, og å gå eller sykla langs vegen er direkte farleg.
På regnfulle dagar fløymer vatnet over vegen som små elver, og medfører fleire og fleire hol og «hogg» i asfalten.
Me veit at dette er ein fylkesveg, men kva gjer politikarane i Sveio kommune, og kva er deira ansvar? Kva med ordførar Mundal sitt løfte om meir til veg ved siste val?
Kva med å gjera ei trafikkmåling (bilteljing) på Øklandsvegen der det er trafikkauke? Blir ikkje Sveio prioritert i Vestland fylke? Eller ligg ansvaret hos Sveio kommune om å søka midlar til opprusting og vedlikehald av fylkesvegar?
Olaug Berge,
Fagerland