lesarbidrag

Stor turgruppe smiler og vinkar utanfor Edeståvå, med ein barnevogn fremst i midten.
Heile turgjengen samla utanfor Edeståvå før returen til Sveio.

Pensjonist­forbundet Sveio på busstur til Jæren

Tysdag 22.09 var Pensjonistforbundet Sveio på busstur til Jæren. Vi starta frå Sveio kl. 09.00 med full buss, 44 spente pensjonistar.

Etter ferjetur frå Arsvågen til Mortavika gjekk turen vidare gjennom Stavanger, Sandnes til Ålgård, der me tok av mot Oltedal og besøk på Spinnneriet – Noregs største garnbutikk – der me fekk herleg eplekake med ein stor porsjon softis og kaffi. Etterpå var det garnhandling der strikkeglade damer sikra seg rikeleg med garn i alle slags fargar og typer til rimeleg pris.

Vidare køyrde me over Høg-Jæren mot Bryne, forbi Garborgheimen der forfattaren Arne Garborg budde til han var 15 år. Her gjorde me eit kort stopp for å sjå og fotografera.

Hole gard og middag på slakteri

Like nord for Bryne var det besøk på Hole Gard med eige gardsutsal med alle slag produkter frå det garden produserer. Me fekk omvisning og smaksprøver av mange slag og sjølvsagt ein livleg handel. Dette var ein storgard med store bygningar, og fjøset var så stort at me kjørte tvers igjennom med bussen.

Nå var det straks tid for middag, og det var like i nærheten på Edeståvå på Håland slakteri med flott kafe, der me fekk orientering om drifta og etterpå matvalg med komla med tilbehør eller kjøttkaker, og Dronning Maud og kaffi.

Allsang og vitsar

Etter middagen var det tid å setja kursen heimover, der me ankom 19.30 etter ein utruleg flott dag med fint, varmt ver, også med litt sol.

Undervegs hadde me både allsang og vitsefortelling, og alle var i topp humør. Takk til reiseleiar Jan og sjåføren Renate frå Sveio Taxi Turbuss for ein opplevingsrik og strålande tur

Einar T. Halleland

Powered by Labrador CMS